[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Norway Cup over for jentene

Forfatter: Svein Kristiansen

31. juli 2015

Fotball
News article image

Etter ei fantastisk flott turnering rauk Sandane J15-16 ut i kvartfinalen mot Gjøvik Lyn.

Sandane møtte eit godt Gjøvik-lag, og det vart ein forsvarskamp der våre jenter strevde med å etablere sitt eige spel offensivt. Gjøvik Lyn fekk eit tidleg mål i første omgang, og gjekk opp til 2-0 på straffe midtvegs i omgangen. Andre omgang heldt fram med mykje det same kampbiletet. Stillinga 0-2 heldt seg lenge, men mot slutten fekk Gjøvik Lyn sett inn to mål. 

Gjøvik Lyn - Sandane

J 15-16

Kvartfinale, Norway Cup

1. omgang

1-0 Gjøvik Lyn

2-0 Gjøvik Lyn (straffe)

2. omgang

3-0 Gjøvik Lyn

4-0 Gjøvik Lyn

Sandane taper mot eit betre lag, men fekk vel fortent hyllest av publikum etter kampslutt. Det har vore ei fantastisk turnering, der jentene våre spelte seg heilt fram til topp 8 i turneringa. Gratulerer!