[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Påmelding TINE Fotballskule

Forfatter: Svein Kristiansen

26. januar 2016

Fotball
News article image

STIL Fotball har gleda av å invitere til TINE Fotballskule 20.-22. juni 2016. Påmeldingane startar no, og erfaringane frå tidlegare år syner at det er greitt å vere tidleg ute.

Innhald: Fotballskulen er for jenter og gutar frå 7-13 år (f, 2003-2009). Målvakter vil få eige opplegg i løpet av skulen. Jenter og gutar vert delte i reine jente- og gutegrupper.

Fotballskulen legg vekt på sunt kosthald og det vil bli servert frukt til deltakarane alle tre dagane. Alle må ta med eigen matpakke og drikkeflaske med vatn.

Ver: Kle deg etter veret og ha med tørre og varme klede i fall det vert vått og kaldt.

Påmelding:

Pr epost til [email protected] med kopi til  [email protected]   og ved innbetaling til bankkonto: 3710.15.57252.

NB: Merk innbetaling med «Tine Fotballskule» og namnet  på den/dei som skal delta.

I eposten må du opplyse om namn, fødselsår, namn på foreldre/telefonnummer heim, og om du vil delta på målvakttrening.

NB: Påmeldinga er ikkje gyldig før betaling er registrert.

Pris: Kr 600        (2 søsken: kr. 1100/3 søsken kr. 1500/4 søsken kr 1500)