Vil du bli ein del av laget rundt B-laget?
Forfatter: Administrasjonen
05. august 2026
Vil du bli ein del av laget rundt B-laget?
B-laget er på jakt etter ein lagleiar – ein positiv og påliteleg person som har lyst til å bli ein del av eit sosialt og inkluderande fotballmiljø.
B-laget vårt består av både unge og vaksne spelarar i alderen 18–45 år. Nokre ønskjer framleis å utvikle seg som fotballspelarar, medan andre først og fremst spelar for gleda, garderobemiljøet og det sosiale fellesskapet. Felles for gjengen er at dei er glade i fotball og trivst godt ilag.
Laget blir trena av Martin Sivertsen og Kjetil Myklebust. Dei ønskjer seg no ein lagleiar som kan bli ein del av teamet og bidra til at det praktiske rundt laget fungerer godt.
Kva inneber rolla?
Som lagleiar blir du det organisatoriske bindeleddet mellom spelarane, trenarane og klubben. Oppgåvene er oversiktlege, og du treng verken trenarerfaring eller inngåande fotballkunnskap frå før.
Oppgåvene vil hovudsakleg vere å:
Kampane blir i hovudsak spelte tysdag kveld. Dersom du ikkje kan vere med på ein kamp, finn vi ei løysing saman, og nødvendige oppgåver kan delegerast.
Kven ser vi etter?
Vi ser ikkje nødvendigvis etter den som kan mest om fotball. Det viktigaste er at du:
- Har lyst til å bidra til eit godt miljø rundt laget
- Er positiv, påliteleg og nokolunde strukturert
- Likar å samarbeide med andre
- Har lyst til å bli ein del av ein sosial og kjekk gjeng
Du vil få god hjelp frå Martin, Kjetil og klubben, og vi sørgjer for opplæring i FIKS og dei andre oppgåvene. Du blir altså ikkje overlaten til deg sjølv.
Ein god lagleiar er ein av dei viktigaste personane rundt eit fotballag. Det er personen som har oversikt, og bidreg til at trenarar og spelarar kan konsentrere seg om fotballen.
Dette kan passe godt for deg som saknar å vere ein del av eit morosamt lagmiljø, ønskjer å engasjere deg i lokalidretten eller berre har lyst på ein sosial og meiningsfull rolle i STIL Fotball.
Høyrest dette interessant ut – eller kjenner du nokon som kunne passa?
Ta kontakt med sportsleg leiar Jonas Denk på:
[email protected] eller 977 08 192.