Enivest IFO
Sandane tar imot Tornado Måløy!
Forfatter: Svein Kristiansen
10. oktober 2015
Fotball
Stor idrettsdag på Sandane laurdag, og det er ikkje få som ser fram til TMFK sitt første besøk på Sandane sidan 2010.
Det store spenningsmomentet er sjølvsagt om Sandane kan ta poeng frå storebror i Vest, Tornado Måløy. TMFK kom ned frå 3. divisjon i fjor, og har gjennomført ein sesong på det jamne. Vårkampen mellom TMFK og Sandane enda med 3-2 seier til TMFK, etter at Sandane hadde alle poenga i lomma til kort tid før dommaren bles av kampen.
Møt opp og støtt gutane - kampen vert spela i Sandane Idrettspark med avspark kl 14.30. Liveoppdatering her på heimesida frå ca kl 1400.