Sandane - Sogndal 3: Knall!
Forfatter: Svein Kristiansen
27. september 2015
-Dette var ein veldig god kamp av heile laget. Spesielt i første omgang var vi veldig gode. I andre vart kampen prega av at vi ville forsvare leiinga, uttaler STIL-trenar Øyvind Hervik etter 3-0 over Sogndal 3. Sogndals trenar var noko meir beherska i sine kommentarar.
-Vi må berre gratulere Sandane med ein vel fortent seier. Dei var det beste laget i dag, seier SIL3-trenar Håvard Øygarden. -Han rosar Sandane for spelet, og vil ikkje seie så mykje om sine eigne elevar. -Vi beklager at vi ikkje kunne matche stemninga, arrangementet og motstandaren i dag, seier Øygarden.
Dette var kampen der Sogndal 3 aldri kom heilt i gang. Sandane var best i alle lagdelar, og hadde eit kollektiv som verka samkjørte og samstemte i sin kampplan. Målvakt Simon Gimmestad hadde god kontroll på alt han foretok seg, og forsvarsfiraren framfor han rydda veldig greitt opp i det som kom frå Sogndal 3. Framover på bana vart det gjort mykje viktig arbeid både i midtbaneleddet og heilt på topp. Thomas Dyrrdal hadde fleire store sjansar til å auke Sandane si leiing i første omgang.
Sandane har dessutan ein spelar av stort format i Jonas Løvland. Han fekk gjere som han ville mot dette Sogndal-laget, og hans to mål var av det spektakulære slaget.
Sandane avslutta med fem gutespelarar på bana, og gutelagets Espen Reed Lothe fekk sin debut heilt på tampen. To gutespelarar var på bana heile kampen: Eirik Rauset viste stort igjen på midtbana og Kristian Møll spelte ein fin kamp på venstre back.
Med seieren i dag er Sandane a poeng med Sogndal 3. Slik laget spela i dag, vil dei skape vanskar for dei fleste motstandarar i divisjonen.
Kampfakta:
Sandane - Sogndal 3 3-0 (2-0)
1-0 (2. min) Thomas Dyrrdal (assist: Jonas Løvland)
2-0 (36. min) Jonas Løvland
3-0 (56. min) Jonas Løvland
Dommar: Inge Seglem, Årdal FK - god
Sandane: Simon Gimmestad, Kyrre Vereide Kroken, Martin Svarstad, William Landøy (Espen Reed Lothe frå 89. min), Kristian Møll, Ole Andre Aa, Isak Gangeskar Solheim (Tarjei Bjørkum Vereide frå 46. min), Eirik Rauset, Ingebjørn Mundal (Bjarte Leite Kalvøy frå 70. min), Jonas Løvland (Gudmund Bjotveit frå 65. min), Thomas Dyrrdal (Magnus N. Bolseth frå 88. min).
Sogndal 3: Sogndal 3: Kristian Bendiksen, Mathias B. Nese, Eirik Husabø, Adrian H. Gjermundstad, Øyvind Yttervik, Torjus Kvåle Jetmundsen, Morten Nerli, Andreas Flåten, Jens Hundere Øvresth, Jonas Denk, Andreas Lerheim Olsen.