[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

-Det er herleg å skåre mål!*

Forfatter: Svein Kristiansen

14. desember 2023

Fotball
News article image

I ei årrekke var Bjørn Atle Skaaden STILs mest frykta angrepsvåpen.

Bjørn Atle debuterte på A-laget som 16-åring i 1967, og hadde ei aktiv karriere for STIL fram til 1992! Bjørn Atle er den STIL-spelaren som har spelt flest kampar for laget: over 600 kampar. I 1983 hadde nedrykkslaget STIL toppskåraren i 3.divisjonsavdelinga i sine rekker: Bjørn Atle Skaaden. I dei tre åra STIL spelte i 3. divisjon (1980-81 og 1983) sette han ballen i nota 78 gonger.

Bjørn Atle var ein teknisk god spelar, som likte å spele kombinasjonsfotball. Han var såleis ein viktig del av det velspelande Sandanelaget som gjorde ein så god figur på fotballarenaene i Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane rundt 1980. Dei tekniske ferdigheitene beheldt han heile sin karriere. Når STIL fekk frispark like utanfor 16-meteren var det lite å lure på når Bjørn Atle stilte seg opp.

Bjørn Atle Skaaden var Sandane-trenar ei rekke sesongar og har vore trenar for eldre gutelag i ei årrekke seinare. I 2014 vart han utnemnt til æresmedlem i STIL.

*..Og overskrifta vår? -Den er henta frå intervjuet som blei gjort med Bjørn Atle Skaaden i "Jul med STIL" (1989).

Foto: Claus Færevåg. Bjørn Atle Skaaden gir Sandane 1-0. Og ja, det er Bjarte Flem i ÅFK sitt mål.

Custom image