Høyang kjem til Sandane
Forfatter: Svein Kristiansen
09. mai 2018
Fredag kveld møtest Sandane og Høyang til det vi trur blir eit durabeleg oppgjer i Sandane Idrettspark.
Tabelleiar Høyang har starta sesongen med fynd og klem. Tre strake seirar mot Selje, Jølster og Stryn 2 vart følgt opp med 5-5 mot Førde 2 sist helg. Høyang spela i 4. divisjon i fjor og har nok ein snarleg retur dit som siktemål. Laget har spelarar som har god rutine og kjem til å bli ei hard nøtt å knekke for Sandane.
Heimelaget STIL har hatt ei sjeldan god sesongopning med to strake seirar. Laget har kvalitetar som skulle gjere det mogeleg å by Høyang sterk kamp om poenga. Dessverre fekk Eirik Rauset ein skade i kampen mot Selje, og han vert på sidelina på ubestemt tid.
Vi håpar og trur det blir godt med folk i Sandane Idrettspark fredag kveld! Laget treng støtte frå tribuna! Kampstart kl 1900.