Fire mål på bortebane
Forfatter: Svein Kristiansen
22. mai 2022
Cink og Bjotveit tomålsskårarar mot Syril.
Syril - Sandane 1-4 (0-3)
Sandane gjekk i tidleg leiing mot Syril, og det var aldri tvil om kvar poenga skulle hamne.
-Dette var ein kamp kamp der vi aldri blei utfordra defensivt, seier trenar Bjarte Skaaden. Skaaden og medtrenar Simon Andre Gimmestad konstaterer at det lugga litt reint spelemessig i starten av kampen. -Men vi scorar nokre strålande mål!
Andre omgang vart ikkje like hendingsrik, med unntak av at Syril fekk tildelt det alle i blått såg som ei tvilsom straffe, og at trenar og comeback-målvakt Simon Andre Gimmestad fekk to gule kort og dermed måtte forlate bana.
Sandane vann fullt fortent 4-1.
Allereie torsdag ventar tøff motstand for Sandane. Då møter dei Dale på deira heimebane, Dingemoen.