[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Bulystveka 2025 - for ei veke!

Forfatter: Maria Karin Dalsbø

28. mai 2025

Fotball
Barneidrett
Friidrett
Svømming
Trimgruppe
Håndball
Gymnastikk og breddeaktivitet
Forside
News article image

Frå å «kle sentrum i blått» til jubel på overtid på bana ? Bulystveka 2025 blei ei markering vi seint vil gløyme.

Bulystveka for STIL handlar om å kjenne seg heime, kjenne seg velkomen – og om å vere stolt av staden vi bur. Det er fellesskap, aktivitetar og minnerike augeblikk – alt det som gir liv til eit levande lokalsamfunn.  


125 år – og Landsbylaurdag for alle 

Laurdag 10. mai feira STIL sitt 125-årsjubileum under Landsbylaurdagen, og Heradsplassen var fylt med folk, liv og glede. Vi bad alle om å "kle sentrum i blått", og det gjorde dei. Med aktivitetar frå alle idrettsgruppene våre, stands og kulturinnslag blei det ein open festdag for heile bygda. 

STIL-styreleiar Anders Gimmestad Gule var tydeleg på kva vi ønskte å oppnå med dagen: – Vi ville skape ei feiring for alle, store og små, sa han. Frå scena utanfor Heradshuset helsa ordførar Arnar Kvernevik, kledd i blå STIL-trøye for anledninga. – 125 år er meir enn ein milepæl. Det er eit sterkt vitnesbyrd om kor viktig STIL har vore – og framleis er – for lokalsamfunnet vårt, sa han. Han løfta også fram den breie samfunnsrolla STIL speler: – Det handlar ikkje berre om idrett og aktivitet. Det handlar om identitet, tilhøyrsle og det å vere ein del av noko større. Han takka også alle dei frivillige for innsatsen: – De gir born og unge ein trygg og aktiv oppvekst, skapar møteplassar for vaksne, og syter for at eldre kjenner seg inkluderte og verdsett. STIL og alle de som er med i det frivillige, gjer ein uvurderleg innsats for Gloppen. 


Ein av dei som bidrog denne dagen var Kay Rott frå symjegruppa. Ho stod på stand med "badehettbingo", eit populært innslag for dei yngste. – Eg har vore symjetrenar nesten heile livet mitt. Eg starta som trenar då eg var 13, for 22 år sidan, fortalde ho. 

Ho har nyleg flytta til Sandane, og har funne sin plass i STIL: – Det er kjekt med STIL, at alle kan bidra med sitt. Vi vil spreie glede og gjere folk merksame på at alle er velkomne, sa ho. 


 Lokalderbyar, miniputt-turnering, Næringsdag og publikumsrekordar  

Søndag var det eit yrande folkeliv på kunstgraset under Kongleriket Miniputt-turnering. Heile 79 lag frå 10 ulike klubbar i Nordfjord var i aksjon, og hundrevis av 6–9-åringar fekk prøve seg i fleire kampar gjennom dagen. Det overordna temaet for turneringa var Fair Play. – Her er det mellom anna fokus på at føresette skal heie på alle, og at ein skal ha respekt for dommaren, fortalde Trine, leiar for knøttestyret til Firda Tidend.  

Med denne ramma fekk dei yngste kjenne på både idrettsglede og samhald – verdiane STIL ønskjer å stå for. For mange var dette kanskje første gong dei spelte ein «ordentleg» turnering – men det viktigaste var ikkje resultatet, det var opplevinga. 

Utover veka heldt det fram med høg puls på fotballfronten: B-laget, G17, damelaget og ikkje minst A-laget var i aksjon – og leverte opplevingar av høg kvalitet. Lokaloppgjeret mellom Sandane 2 og Breimsbygda fylte tribunane i Idrettsparken, og publikum fekk servert både nerve, dramatikk og ekte derby-stemning. 

G17 sin kamp mot Stryn – omtalt som «Champions League»-oppgjeret – levde opp til forventningane med høg intensitet og solide prestasjonar frå begge lag. 

Damelaget møtte Eid i ein kamp der mykje stod på spel. Det blei eit tett og dramatisk oppgjer, og med ei skåring på overtid sikra STIL sigeren – og eit viktig løft på tabellen. Gloppen Janitsjar opna kampen med innmarsj, og skapte ei minneverdig stemning. 

Fredag 16. mai samla vi næringsliv, ungdom og frivillige til STIL sin aller første Næringsdag i Trivselshagen. Over 100 personar fekk høyre inspirerande innlegg frå Hanne Stedje frå sukesserien «Alt for Årdal», konsernsjef Knut Arild Flatjord i SFE og fotballtrenar og formidlar Roger Finjord. Tema som bulyst, samfunnsansvar og det å byggje sterke lag – både i arbeidslivet og lokalsamfunnet – stod i sentrum. Det blei ein dag med forhåpentligvis nye refleksjonar, fellesskap og inspirasjon. 

Samme kveld var Sandane Idrettspark igjen fylt til randen då A-laget tok imot Jølster til eit etterlengta lokaloppgjer i 4. divisjon. Kampen enda med 2–4-siger til gjestane, men stemninga på tribunen og ramma rundt kampen viste kva breiddefotball kan vere på sitt beste. Trass i tapet blei det ein festkveld for både spelarar og publikum.  

Bulystveka blei avslutta med at vi gjekk i 17.mai-toget under STIL-fana, for første gang på mange år - ei staseleg avslutning på ei minneverdig veke. 

 

Eit fellesskap større enn idretten 

Gjennom denne veka vi har sett korleis små og store kan bidra, og korleis idrett, kultur og samfunn går hand i hand. Som Kay Rott sa det så fint: "Det er kjekt med STIL, at alle kan bidra med sitt.” Og som ordføraren sa: "Det handlar om identitet, tilhøyrsle og det å vere ein del av noko større." 

Takk til kvar einaste frivillig, samarbeidspartnar, foredragshaldar, tilskodar og deltakar. For dette handlar ikkje berre om fotball. Det handlar om folk. Om å høyre til. Om å vere stolt av der ein kjem frå. Saman byggjer vi eit stolt lokalsamfunn!  


Sjå oppsummeringsfilm frå Bulystveka her

Foto og film: Dina Rygg Eide

Custom image
Custom image