[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Jan Asle takkar for seg!

Forfatter: Svein Kristiansen

30. oktober 2022

Fotball
News article image

Jan Asle Rustøen har varsla at han gir seg som hovudtrenar for Sandane sitt damelag ved årsskiftet. Han tok over ansvaret for damelaget i 2017 og har hatt ei stødig hand med det som har vorte STIL-fotballen sitt flaggskip under hans trenargjerning.

Foto: Stig Høynes, Haugen Fotball

Jan Asle har ei lang trenarkarriere. -Eg har halde på i ti år som trenar, seks år i handball og seks sesongar i fotball. Eg har kjent litt på at motivasjonen kanskje er litt på hell for å gjere den jobben som eg føler at eit lag fortener. Det er også ei prioriteringssak, å vere fotballtrenar krev i periodar at du set av tre-fire kveldar for veka. Eg har kome til at eg har lyst til å bruke tid på litt andre ting.

Han understrekar at fotballgjerninga har vore ei positiv erfaring, -Det har vore fantastisk kjekt å få vere med på dette. Vi har hatt ei stor og god utvikling av damefotballen, og frå 2018-19 etablerte vi oss som eit topplag i fylket. Sjølv om vi har hatt store utskiftningar spelar vi framleis jamt mot gode lag. Sandane har mange gode spelarar som kjem opp, og klubben har heilt klart eit potensiale til å ha eit godt lag også i åra framover.

-Kjekt å motivere og å utvikle eit lag

Kva vil du trekke fram som har vore spesielt kjekt i trenarvervet? -Trenarrolla er ein fantastisk mulighet til å bli kjent med ungdomen. Det er veldig kjekt å få vere med å motivere ungdom og å utvikle eit lag. Det meiner eg vi har fått til, seier Jan Asle, som heller ikkje legg skjul på at det også er utfordrande sider ved trenargjerninga.

-Det er jo heile tida slik at uansett dei bra tinga du gjer, så gjer du alltid litt feil også. Ein må ofte inngå kompromiss. Det er krevande og samtidig gjevande.

Å vere trenar er til tider også ein einsam posisjon. -Eg har nok kjent på det at eg har vore mykje åleine. Denne sesongen har eg hatt med meg Roger Hjelle som assistentrenar og Kjell Bruland som lagleiar i det sportslege apparatet rundt laget, og det har fungert veldig fint.

Utfordring: Korleis få ein god nok treningskvardag?

Ein ting som har vore tungt for trenarjobben er at det over tid har vore vanskeleg å samle ei stor nok treningsgruppe. Det gjer det vanskeleg å få ein god treningskvardag. Dette har eigentleg vore ei utfordring i alle åra eg har vore trenar. Dette å få nok spelarar og korleis dele inn treningsgruppene for samtidig å behalde flest mogeleg i fotballen lengst mogeleg. Dette er ein kontinuerleg prosess. Skal vi vidare er det kanskje der utfordringa ligg: korleis dette kan løysast best mogeleg.

Jan Asle sin kontrakt går ut ved årsskiftet, så heilt slutt er det enno ikkje. Treningane pågår framleis, og før jul vert det deltaking i futsal-KM.

-Er du tapt for alltid som trenar?

-Det kan eg nok ikkje love! Vi får sjå kva som skjer. Eg skulle gjerne halde fram «for ever». Men laget fortener å få inn personar med nye tankar, som kan vere meir motivert enn eg klarer å vere no, seier Jan Asle, som elles meiner det er veldig kjekt, det som no skjer i klubben. -Eg tenker på korleis styret fungerer, arbeidet i sportsleg utval, det er veldig mykje positivt som skjer. Eg håpar verkeleg at det blir krefter i klubben som klarer å bere dette vidare.