[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Kjempekamp av Sandane

Forfatter: Svein Kristiansen

27. september 2015

Fotball
News article image

Sandane var best i alt og vann ein særdeles fortent seier over Sogndal 3 søndag ettermiddag. Heimelaget spelte med glød og entusiasme og leverte ein førsteomgang som fort kunne gitt ei langt større leiing til pause.

No vart det med Thomas Dyrrdal og Jonas Løvland sine to flotte mål. I andre omgang kom dagens høgdepunkt: Jonas Løvlands frispark - i krysset frå 30meter. Etter dette handla det litt om å sikre leiinga, og kampen vart for Sandane sin del ikkje like dominant som i første omgang. STIL var likevel det dominerande laget, og Sogndal 3 skapte svær lite mot eit godt Sandaneforsvar. 

Alle lagdelar fungerte godt i dag. Og merk: mot slutten av kampen var 5 gutespelarar i aksjon for Sandane. Eirik Rauset og Kristian Møll spela heile kampen, og viste svært godt igjen. Kampens profil: Jonas Løvland. Publikum: Terningkast 6, - fantastisk stemning frå opptoget før kamp til det heile var slutt. Tusen takk til folkehøgskuleelevane og Jonas Ls fanklubb. 

Detaljar frå kampen seinare. 

Trenarane om kampen.

Sjå film frå kampen/Jonas sitt frisparkmål. 

Custom image

Sjå også vår liveoppdatering frå kampen.