[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Mads leiar Sandane 2 for siste gong – tek over A-laget

Forfatter: Administrasjonen

19. mai 2026

Fotball
News article image

I dag leiar Mads Wie Sandane 2 for siste gong når laget møter Breimsbygda til lokaloppgjer. Samtidig kan STIL Fotball stadfeste at Mads no tek steget vidare og blir ny hovudtrenar for A-laget.

For Mads blir kampen mot Breimsbygda dermed både eit punktum og starten på noko nytt.

– Først vil eg berre nytte moglegheita til å uttrykke stor takksemd for at eg har fått ta del i denne reisa saman med ei så stor og fantastisk spelargruppe dei siste 1,5 åra. Det har vore ei reise eg aldri kjem til å gløyme, med mange nye erfaringar, oppturar, nedturar og eit kameratskap som varmar eit trenarhjarte, seier Mads.

Han legg ikkje skjul på at kveldens kamp blir spesiell.

– Kampen mot Breimsbygda blir spesiell, sidan det blir min siste som trenar for STIL 2. Det er alltid kjekt og spanande med lokaloppgjer, og det blir som oftast litt ekstra trøkk i duellane. Breimsbygda er eit godt fotballag med stor innsats i botn, så dei kjem til å gje oss god kamp.

Samtidig er fokuset tydeleg før avspark.

– Vi skal ha fokus på vårt eige spel, spele fin angrepsfotball, finne gode kombinasjonar og følgje kampplanen. Men som vi seier før kvar kamp: Vi skal først og fremst ha det vanvittig kjekt saman ute på bana. Det er det som skal ligge i botn. Har vi på plass dette, skal Breimsbygda få det tøft mot oss i dag.

Stolt av samhaldet

Når Mads ser tilbake på tida med Sandane 2, er det ikkje først og fremst resultat eller tabellplasseringar han trekkjer fram. Det er miljøet.

– Det eg er mest stolt av med STIL 2, er samhaldet og kameratskapet vi har klart å skape i gruppa. Vi har skapt ein kultur der det er ein fin balanse mellom det seriøse og målretta, og det mindre seriøse med latter og rom for å vere seg sjølv.

Mads meiner spelargruppa sjølv fortener mykje av æra for miljøet som har vakse fram.

– I ei så stor gruppe er det ikkje sjølvsagt å skape så sterke relasjonar, men det har vi fått til – både på og utanfor bana. For meg er det rørande å sjå korleis spelarane bryr seg om kvarandre, løftar kvarandre fram og kjenner ei ekte tilhøyrsle til gruppa. Det kan vi takke spelargruppa for. Eg er veldig glad for at eg har fått vere med å skape dette saman med dei.

Custom image

Tek over A-laget

No ventar ei ny rolle for Mads. Etter tida som trenar for Sandane 2 tek han over som hovudtrenar for A-laget til STIL Fotball.

– Å få tilliten som ny A-lagstrenar betyr svært mykje for meg. Eg er både stolt og svært takknemleg for den moglegheita klubben gir meg, seier han.

Mads fortel at skadesituasjonen har gjort det vanskelegare for han å bidra som spelar, men at det samtidig har opna døra for ei vidare utvikling som trenar.

– Etter kvart som det har blitt vanskelegare for meg å vere spelar på grunn av skadesituasjonen, har eg kjent på eit sterkt ønskje om å utvikle meg vidare som trenar og finne nye måtar å bidra på. At klubben først gav meg tilliten som trenar for STIL 2, og no vel å gi meg ansvaret som A-lagstrenar, er noko eg set svært høgt.

Han understrekar at dette er ei oppgåve han tek på alvor.

– Gjennom prosessen og møta vi har hatt, har eg opplevd klubben som svært støttande. Eg har kjent at dei har tru på meg, og at dei ønskjer dette like sterkt sjølve. Det gjer oppgåva endå meir inspirerande og motiverande. Samtidig kjenner eg på eit stort ansvar for å forvalte denne tilliten på ein god måte.

Sportsleg leiar i STIL Fotball, Jonas Denk, er svært glad for at Mads no tek steget vidare i klubben. Han meiner Mads både har den lokale forankringa, relasjonane og engasjementet som skal til for å leie A-laget vidare.

– Mads er ein person som kjenner klubben svært godt, og som verkeleg bryr seg om Sandane og  STIL Fotball. Det han har gjort med Sandane 2 viser at han evnar å bygge sterke relasjonar, skape samhald og få folk til å trivast i fotballkvardagen. Samtidig er han fagleg engasjert, utviklingsorientert og tydeleg på kva han ønskjer å få til. Vi meiner Mads er rett person til å ta A-laget vidare no, og vi har stor tru på at han saman med spelargruppa og resten av teamet kan bygge noko veldig spennande framover, seier sportsleg leiar Jonas Denk.

Custom image

Vil bygge kultur, utvikling og stoltheit

Som A-lagstrenar er Mads tydeleg på kva type lag han ønskjer at Sandane skal vere.

– Eg ønskjer at Sandane skal vere eit lag med sterkt kameratskap, samhald og ei kjensle av å høyre til. Vi skal trivast saman, bry oss om kvarandre og kjenne at vi er ein del av noko større – både på og utanfor bana. Når vi står saman som lag, vil det vise igjen i måten vi opptrer og presterer på.

Han ønskjer også å skape ein treningskvardag med energi, krav og utvikling.

– Eg ønskjer gode, intensive og engasjerande økter der spelarane kjenner på speleglede. Trening skal vere noko dei gler seg til, og ein arena der dei får energi, utvikling og meistring.

Spelarutvikling blir eit sentralt punkt for den nye A-lagstrenaren.

– Eg ønskjer eit lag der spelarane tek eigarskap til eiga utvikling. Dei skal kome for å trene – ikkje berre for å bli trente. Vi skal skape ein kultur der det blir stilt krav, gitt tett oppfølging og jobba målretta for å få fram potensialet i kvar enkelt.

Samtidig er det menneskelege viktig for Mads.

– For meg er det viktig å skape ein kultur med låg terskel for å snakke om ting, der spelarane kjenner tillit til at eg og teamet ser dei, følgjer dei opp, coachar dei og er der for dei – både som spelarar og menneske.

Og éin ting skal vere tydeleg når Sandane går på bana.

– Eg ønskjer eit lag som er stolte av å representere Sandane. Eit lag som kjenner på kva det betyr å ta på seg det eg meiner er verdas flottaste drakt. Eg gler meg stort til dette, og til å vere med på å bygge noko saman med spelargruppa og klubben.

STIL Fotball ønskjer å takke Mads for den store jobben han har lagt ned rundt Sandane 2, og ser fram til vegen vidare med han som hovudtrenar for A-laget.