Enivest IFO
Klart for Heia Norge igjen!
Forfatter: Svein Kristiansen
27. august 2015
Fotball
Det blir ny landskamp i fotballhallen søndag 6. september kl 18.00 - og på ny blir det eit høve for alle med hjartet i STIL til å gje klubben ei økonomisk handsrekning.
Det er Norge - Kroatia som no står for tur.
Heia Norge var storsuksess på forsommaren, då Kvalitetsklubbar over heile landet samla sine støttespelarar til landskamp i klubbhusa sine. STILarar samla seg i hopetal i vår nye fotballhall. Landskamp på to storskjermar gav flott stemning!
Også denne gongen betaler Norges Fotballforbund kr. 100 pr STIL-patriot som møter opp for å sjå kampen, så her er det ingenting å lure på! Sett av kvelden!