[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Eid - Sandane 9-0 (3-0)

Forfatter: Svein Kristiansen

16. mai 2016

Fotball
News article image

Eid var best i alt og audmjuka Sandane i to gonger 45 minutt.

Eid - Sandane 9-0 (3-0)

Eid idrettspark, kunstgras

Dommar. Thor Henning Mardal, Fjøra FK

Anders Midthjell skåra 4 mål då Eid knuste Sandane 16. mai. 

-Vi er vaksinert mot mål, og slepp inn alt for enkle mål, seier trenar Øyvind Hervik etter 0-9 mot eit godt Eid-lag. 

Sandane hadde også sine sjansar i  kampen, fleire gonger ved Anders Frøyen som kom fint fram på sin høgre kant. Dei siste minuttane fram mot pause var Sandane i støtet og pressa Eid bakover, men utan å kome til skåring. STIL opna også andre omgang med fine kombinasjonar, og hadde også sine sjansar i andre omgang. Men det vil seg ikkje for Sandane i det offensive denne sesongen. Den store utfordringa no blir å ta dei nødvendige grep inn mot neste kamp. Alt førstkomande fredag kjem Dale til Sandane. 

Simon Gimmestad har ein kneskade og den gjorde seg gjeldande alt etter få minutt av kampen. Han slo til med ein kjemperedning i Eids første angrep, berre for å sjå at Midthjell fekk sin første av fire skåringar då han plukka opp returen. Simon måtte forlate bana og inn om Arne  Nybø Gangeskar, som ikkje skal lastast for resultatet. Det må heile laget stå saman om. 

 

Livereferat:

Dommarar i oppgjeret er Tor Henning Mardal, Fjøra FK. Med seg på lina har han Ragnar Åmot, Jølster, og Stein Otto Førde, Breimsbygda. 

Det er usikkerheit knytt til Sandanemålvakt Simon Gimmestad, som har pådrege seg ein kneskade. Han er venta å starte kampen. Sandane sitt lag er slik: 

Simon Gimmestad, William Landøy, Håkon Schjølberg, Marti Svarstad, Petja Cink, Anders Silden, Arne Morten Vilnes Øen, Eirik Rauset, Sebastian Haugen, Anders Frøyen, Thomas Dyrrdal. 

Benken: Arne N. Gangeskar, Tarjei B. Vereide, Gudmund Bjotveit, Ruben E. Nesdal, Magnus N. Bolseth. 

Kampen er i gang. Sandane med avspark. 

1 min: Eid forsøker langspasning i lengderetning, fin løpeball for Midthjell, men Simon Gimmestad kjem ut og har kontroll. 

3 min: Eid kjem rettvendt med Vebjørn Høynes, men han er uheldig med førstetouchen. 

4 min: MÅL EID (1-0) Anders MIdthjell. Sandane med tilsynelatnde kontroll, men det blir balltap og Eid får to avslutningar på mål. Simon Gimmestad reddar førsteballen, men Midthjell er på plass på tometeren og bankar ballen i mål. 

BYTTE SANDANE: Simon Gimmestad UT, Arne Nybø Gangeskar INN. 

10. min: Eid har opna kampen best, og har hatt fleire oppløp. Sandane har hatt ein corner, men utan å skape noko så langt. 

11 min: Arne Morten Vilnes Øen med fine dragningar, men blir stoppa. Så er det fint samspel mellom Øen og Cink, men neste trekk blir for svakt. 

13. min: Sandane meir frampå no. Thomas Dyrrdal er på hogget, ser det ut som. 

15. min: Anders Frøyen med fine takter offensivt på sin høgre kant. Kjem i fin bane mot mål, får avsluttta, men ingen god treff. 

18. min: Anders Silden plagar ein feilvendt Anders Midthjell. Det endar med at Midthjell lar frustrasjonen få utløp i eit realt brytetak på Sandanes mann. Slepp ustraffa frå det. 

20. min: Redning på strek, Sandane. Eid får avslutta på ope mål, men Petja Cink kjem på plass og og gjer ei god redning på strek. 

24. min: Eid med fleire gode forsøk. Anders Midthjell forsøker skot frå 16 meter. Over mål. 

25. min; Sandane skaper lite framover. Eid er jamt over betre i duellane og presset må opp om det ikkje skal bli einvegskjøring i 90 minutt. 

28. min: Nestenulukke av STILs sisteforsvarar, men Arne N. Gangeskar kjem fint ut og reddar situasjonen. 

31. min: MÅL EID Anders Midthjell (2-0). Midthjell slepp aleine gjennom, og skårar greitt. 

33. min MÅL EID: Marius Henriksen (3-0). Henriksen med flott plassert langskot som havnar pent i lengste hjørne. 

35. min: Øen finn Frøyen med ein fin pasning: avsluttar bra frå litt skrått hald, men keeper Frislid reddar! Sandanes beste sjanse.

41. min: Svarstad fører oppover, Frøyen inviterer pent på høgrekanten, men pasninga: rett i Eids forsvarar.

42 min: Arne Morten Vilnes Øen er den beste på STILs midtbane. Lekker pasning  til Thomas Dyrrdal, som er litt uheldig med førsteberøringa.  

43. min: Nytt bra forsøk av Sandane, denne gongen på venstre, men igjen blir det berre nesten for Sandane. 

44. min: Sandane har spelet desse siste minuttane av omgangen. Cink kjem fram på høgre kant, men innlegg bak mål. 

PAUSE

Sandane har fått ein fotballeksjon av Eid, som i alt for stor grad har fått spele sitt spel. Nokre positive tendensar sett med STiL-auge mot slutten av omgangen. Litt betre presisjon, så kan det bli til noko. Men vurderinga så langt er at det er klasseskilnad på laga. Eid framstår langt meir homogent, ballsikkert og samspelt enn dei blå. 

ANDRE OMGANG

46. min: Eid med avspark. 

46. min: Sandane vinn ballen i eiga sone og set fart framover. Som fleire gaonger før: upresist framspel og Thomas Dyrrdal får ein forgjeves løpeur. 

48. min: Sandane forsøker seg framover utan at det blir til  noko konkret sjansemessig. I staden set Eid på turboen, Sandanes forsvar nøler med avklaringa og det blir Midthjell som               fyrer av eit skot. Over mål. 

50. min: Sandane med frispark på kanten av 16  meter. Eid klarerer. 

51. min: Sandane framover med Thomas Dyrrdal på høgre, to mann ventar i feltet. Dyrrdal avluttar - ballen over mål. 

52. min;: MÅL EID  Vebjørn Høynes (4-0). Upressa  Høynes, flott og hardt skot frå 16 meter. Arne N. Gangskar med vekta på feil fot og får ikkje reagert. 

56. min: MÅL EID Kristian Lefdal (5-0). Som forrige mål, men no er det Lefdal som avsluttar med eit flott skot frå distanse. 

59. min: Flott langskot av Martin Svarstad. Frislid reddar godt. 

BYTTE: Eid med trippelbytte. Sandane: Petja Cink hinkar ut, Gudmund Bjotveit spring inn. 

65. min: Sandane med to cornerar på rappen. Keeper Frislid får ei hand på den siste, ballen havnar hos Midthjell, som kan klarere.

Gult kort Eid: Anders Midthjell

68. min MÅL EID (6-0) Anders Midthjell. Eid får kontre i overtall. Arne Nybø Gangeskar reddar Lefdal si avslutning, men ballen havnar hos Midthjell som kan sette ballen i ope mål. 

75. min MÅL EID (7-0) Anders Midthjell. Moro for Eid, dette. Nydeleg angrep, innlegg frå kant og inne framfor mål ventar umarkerte Midthjell. 

77. MIN MÅL EID (8-0) Joakim Vedvik skårar sitt første mål for Eid i 4. divisjon. 

Vi skuldar å gjere mersksam på at Tarjei Bjørkum Vereide har kokme inn for Anders Frøyen. Magnus N. Bolseth har også kome inn for Arne Morten Vilnes Øen.

83. min: STOR SJANSE SANDANE Magnus N. Bolseth: Magnus har sjansen til å løfrte ballen over ein utrusande Frislid, men den gode Eidakeeperen er langt ute og blokkerer. Thomas Dyrrdal forsøker seg så, men ballen ut tyil corner.

87. min: Bytte Sandane. Sebastian Haugen UT, Ruben Elvebakk Nesdal INN

88. min: Gudmund Bjotveit med flott langskot, like til side for mål. 

90. min: MÅL EID: Daniel Haus (9-0). Haus skrur ballen nydeleg inn i lengste hjørne.