STIL suveren seriemeister i 1979
Forfatter: Svein Kristiansen
08. desember 2023
Sandane sin gullalder innan herrefotball!
Biletet: Dette er eit av dei beste laga STIL har hatt. Laget vart suveren seriemeister i 1979 og rykte opp i 3. divisjon. Berre Sogndal var betre enn STIL på den tid.
Framme f.v.: Åge Hansen, Mads Klausen, Atle Nygård, Geir Skaaden, Sigtor Tveit (trenar), Øyvind Kormeseth, Terje Olsen og Jan-Kjetil Øygard.
2. rekkje f.v.: Knut Stavang, Jan Ove Ødven, Ole Johnny Djupegot, Knut Ødven, Ivar Solheim, Bjørn Atle Skaaden, Jan Nik. Hansen og Knut Fjellestad (oppmann).
3. rekkje f.v.: Egil Ødven (leiar i fotballgruppa), Dagmund Evebø, Lars Helge Flølo, Bjørn Arnesen, Per Magne Kleven, Bjørn Austrheim og Per Kjell Skaaden. (Lyslo Foto).
Tekst: Jan Nik. Hansen
Frå 1975 og framover var det mange teikn på at STIL fotball var i framgang. Særleg vart det arbeidd godt i dei aldersfastlagde klassane, men på seniornivå er leiinga misnøgd med haldningane hos nokre av spelarane.
Framgangen i dei aldersfastlagde klassane gjer likevel at ein tek til å drøyme om opprykk, og i 1978 var det nære på. Dette året rykte Dale opp i 3. divisjon med same poengsum som Sandane, men med betre målskilnad.
Året etter var det STIL sin tur. Laget vann serien med 34 av 36 poeng, 12 poeng føre neste lag. Så suveren har STIL aldri vore, verken før eller seinare.