Firda vidaregåande skule er med på laget!
Forfatter: Maria Karin Dalsbø
17. april 2025
Sandane Turn og Idrettslag er stolte over å presentere Firda vidaregåande skule som ny samarbeidspartnar i Enivest Idrettsfritidsordning (IFO).
Sandane Turn og Idrettslag er stolte over å presentere Firda vidaregåande skule som ny samarbeidspartnar i Enivest Idrettsfritidsordning (IFO). Gjennom dette samarbeidet vil elevar frå idrettslinja ved Firda VGS bidra som instruktørar i Enivest IFO – eit aktivt og inkluderande fritidstilbod for barn i 3.–5. klasse.
– Dette samarbeidet er heilt avgjerande for at Enivest IFO kan bli ein realitet. Elevane frå Firda vil ikkje berre bidra med godt planlagde og varierte økter – dei vil òg vere viktige rollemodellar for dei unge barna, seier prosjektleiar og sportsleg leiar i STIL, Jonas Denk.
Firda vidaregåande skule vil bidra med elevinstruktørar frå idrettslinja – ein nøkkelressurs for Enivest IFO.
– For Idrettslinja på Firda er dette samarbeidet veldig spennande og gir oss unike moglegheiter til å utvikle oss vidare, seier avdelingsleiar for idrettsfag Magne Larsen.
Han fortel at elevane har eit eige leiingsfag der dei får både teoretisk og praktisk opplæring i å leie grupper og aktivitetar. Gjennom samarbeidet med Enivest IFO vil elevane få ein god arena for praksis, tett følgd opp av dyktige faglærarar med relevant kompetanse.
Ein del av innsatsen i Enivest IFO vil vere integrert praksis i faget, medan resten vil vere fagleg relevant dugnadsarbeid som bidreg til å finansiere treningsleir på Club La Santa i tredje klasse.
– Elevane er svært positive og ser fram til å komme i gang til hausten, seier Larsen.
Eit unikt samarbeid for lokalmiljøet
Enivest IFO er alt mogleggjort gjennom eit tett samarbeid med Enivest AS, som støttar tilbodet gjennom ei sponsoravtale. Med Firda VGS med på laget, styrkar ein no kvaliteten og breidda i tilbodet ytterlegare.
– Dette er eit strålande døme på kva vi kan få til gjennom samarbeid på tvers av frivillig sektor, skule og næringsliv. Vi er glade for å vere ein del av noko som både skapar gode kvardagar for barn og gir læring i praksis for elevane på Firda VGS, seier prosjektleiar og sportsleg leiar i STIL, Jonas Denk.
Idrett og meistring etter skuletid
Enivest IFO vil tilby eit breitt spekter av aktivitetar, frå ballspel og turn til friluftsliv og leik. Tilbodet er ope måndag til fredag frå 1400-16:30, og rettar seg mot alle barn i 3.–5. klasse – uansett tidlegare erfaring.
Påmeldinga er open og du melder deg på via www.enivestifo.no