STIL Symjing begynnarkurs
Forfatter: Ingrid Gimmestad
19. august 2021
I September startar den nye symjegruppa med sine første symjekurs for barn
STIL Symjing startar kurs for barn frå 5 år den 11 September 2021. Kurs på tre forskjellige nivå vert synlege og tilgjengelege til påmelding på www.tryggivann.no i veke 34. Vi tilbyr 10 vekers kurs i Kval, Skilpadde og Pingvin. Etter kvart kurs mottek eleven eit merke og diplom for fullført kurs.
På www.tryggivann.no finn du beskrivelsar og ferdighetskrava til dei ulike kursa. Der er og ein "nivåvelger" slik at du lettare finn det rette kurset for eleven. Er du framleis usikker på kva kurs som bør velgjast er vi tilgjengeleg på telefon og e-mail: 988 77177 / 904 15914. [email protected].
Prisen for eit 10 vekers kurs er 1200kr. Søskenpris er 1000kr dersom søskenparet deltek på kurs i samme periode. Vennlegst kontakt oss om de ynskjer denne prismoderasjonen.
Kursa varar i 30 minutt og tek plass i terapibassenget iTrivselsbadet på Laurdagar i tidsrommet 09:00 - 11:00.
Ein må vere medlem av STIL for å kunne delta på kursa våre. Besøk STIL si heimeside https://sandane-turn-og-idrettslag.spoortz.no/port... eller kontakt oss, så kan vi hjelpe med det.
Ytterligare kurs for elevar med høgare ferdighetar kjem seinare i 2021/22, så følg med på www.tryggivann.no for oppdateringar.
Skulle kursa verte fulle så kan ein melde seg på ventelister på Tryggivann.no. Når nye kurs vert offentlegjort blir dei på ventelistene kontakta.
Vi ynskjer all velkomne til symjegruppa!