GRO -Årets klubbleiar i Sogn og Fjordane!
Forfatter: Svein Kristiansen
26. november 2022
Til stor jubel: STIL fotballs leiar fekk laurdag kveld prisen som Årets klubbleiar I Sogn og Fjordane fotballkrets
Gro Pleym Iversen laurdag kveld kåra til Årets klubbleiar i Sogn og Fjordane fotballkrets. Dette skjedde under Miljøhelga som fotballkretsen arrangerer.
Gro vart leiar i STIL fotball i mars 2021, og har utretta mykje i si relativt korte regjeringstid. Det har også blitt lagt merke til utanfor Sandane.
-Gro har framstått som ein synleg og god representant for STIL-fotballen. Ho har vist seg som ein leiar med god struktur og oversikt. Ho engasjerer, er flink til å sjå alle og har ei god evne til å få med fleire tillitsvalde i arbeidet. Ho har på kort tid fått gjennomført mange viktige tiltak internt i klubben, og har med si vide orientering også synt eit breitt samfunnsengasjement. Slik har ho løfta omdømet til både klubb og krets og står fram som eit godt føredøme, sa dagleg leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Svein Olav Myklebust i samband med overrekkinga.
Vi som har følgt Gro på nært hald sidan ho overtok leiarvervet i STIL fotball gler oss over utnemninga og kan berre seie: VEL FORTENT!