No er heile kiosknemnda klar!
Forfatter: Gro Pleym Iversen
06. februar 2024
Gjer ein forskjell - bli med i viktige verv for å sikre eit trygt og inkluderande miljø
Saman skaper vi gode rammer for fotballaktivitet. Vi oppfordrar deg til å bidra til fellesskapet seier leiar i valnemnda Kevin Denton.
Valnemnda består forutan av Kevin Denton av Anny Lene Omnes. Leiar av knøttestyret; Trine Anikken Larsen og leiar for aldersbestemte lag; Sondre Gjelsten bidreg også.
Per nå har vi fått på plass heile kiosknemnda (som avbilda: Olina Mardal, Janne Helgheim, Anny Lene Omnes og Irene Hagen (Anita Mykland var ikkje til stades). I tillegg er Sondre Gjelsten innstilt på å bli ny FIKS-ansvarleg.
Vi manglar framleis dugnadsfolk til følgjande verv:
- Sportsleg utval: leiar
- Anleggsnemnda: leiar og ein ekstra person til merking av banen (Idrettsplassen)
- Økonominemnda: leiar og ein/to personar til lotteri
- Fair play gruppa (samfunn og berekraft): ein ny medlem, inkluderingsansvarleg og kvalitetsklubbansvarleg
- Valnemnda: her treng vi to nye medlemmar
Du finn informasjon om dei ulike rollene i klubbhandboka
Ta kontakt med Kevin på tlf. 41 92 58 91 om du kjenner at det er din tur til å bidra nå