Vil du leie Sandane Turn og Idrettslag?
Forfatter: Anders Gimmestad Gule
12. august 2024
STIL har eit høgt og breitt aktivitetsnivå og er avhengig av eit stort trenar- og administrativt apparat for å sikre kvalitet og kontinuitet gjennom heile året. STIL ynskjer å møte framtida med eit like godt eller betre tilbod, og ynskjer å tilsette ein til to personar.
Sandane Turn og Idrettslag (STIL) er eit frivillig, tradisjonsrikt og veksande fleiridrettslag med aktive utøvarar i fotball, handball, turn, friidrett, symjing, barneidrett og trimgruppe. Storleiken, aktivitetsnivået og framtida tilseier at det er naudsynt å auke opp vår administrative kapasitet. Vi søker difor dagleg leiar og person til å leie ei framtidig idrettsfritidsordning. Arbeidsgjevar er STIL-hovudlag.
STIL Fotball er den største gruppa i Sandane Turn og Idrettslag. Gruppa har vore kvalitetsklubb sidan 2014 og har aldersbestemt aktivitetstilbod frå miniputtar til A-lag samt tilbod for funksjonsnedsette. I tillegg kjem fotballskule, akademi og regionale arrangement som cup og kretsmeisterskap i futsal.
Dagleg leiar
STIL søker etter dagleg leiar som kan ta ansvaret for å vidareutvikle idrettslaget generelt og fotballgruppa spesielt. For å få til dette trur vi det er viktig at du har ei god forståing for økonomistyring og organisasjonsarbeid der samspelet mellom frivillige og utøvarar, og andre idrettslag er sentralt.
Idrettsfritidsordning
I tillegg søker vi etter ein ansvarsperson til å starte opp og drive idrettsfritidsordning. Det er ynskjeleg med idrettsfagleg og pedagogisk bakgrunn eller erfaring for denne stillinga.
For begge stillingane kan ulike og reduserte stillingsbrøkar vere aktuelt. Søknadsfrist er 1. september 2024.
Som dagleg leiar vil du:
- Ha ansvar for dagleg klubbdrift
- Ha operativt ansvar for sunn og berekraftig økonomi og styring
- Bidra til at klubben er godt koordinert og organisert på tvers av gruppene
- Jobbe aktivt med profilering, marknadsføring og partnarskap/sponsor/støtte
- Ivareta og vidareutvikle gode relasjonar til klubben sine viktigaste samarbeidspartnarar; medlemmar, næringsliv og sponsorar, andre idrettsorganisasjonar, NFF Sogn og Fjordane, Vestland Idrettskrets, nærmiljø, skule og offentlege myndigheiter
- Bidra i aktivitetar i regi av klubben og sjå til at ulike prosjekter blir planlagt, organisert, koordinert og evaluert på ein god måte
- Jobbe tett med styra i dei ulike gruppene og delta på årsmøte og styremøte, førebu saker og følge opp vedtak/oppgåver gitt av hovudstyret
- Jobbe med etablering av Idrettsfritidsordning
- Stillinga rapporterer til styret og har løpande kontakt med leiar i fotballgruppa og leiar i hovudstyret.
Vi ser gjerne at du er/har:
- Erfaring frå og hjarte for idrett, organisasjonsarbeid og leiing
- God til å bygge relasjonar og skape engasjement blant frivillige og støttespelarar
- Trygg og tydeleg i møte med andre, enten det er barn og unge, føresette eller moglege samarbeidspartnarar
- Løysningsorientert, strukturert og sjølvgåande person som liker å arbeide med strategi, operativ oppfølging og utføring
- God strategisk kompetanse og økonomiforståing - gjerne utdanning innan sportsleiing eller økonomi
- Trygg i bruk av digitale verktøy og er stadig på søken etter forenkling og digitalisering av prosessar
- Gode ferdigheiter i norsk skriftleg og munnleg
- Plettfri vandel og godkjent politiattest
Kva vi tilbyr deg:
- Moglegheit til å aktivt påverke og utvikle idrettslaget samt eigen kompetanse
- Ein fleksibel arbeidskvardag
- Oppstart og løn etter avtale
- Tett samarbeid med engasjerte medlemmar, styre og samarbeidspartnarar
- Gode kollegaer i frivillig-apparatet
- Kontorlokale etter avtale og moglegheit for heimekontorløysing
- Noko aktivitetsbasert helg- og kveldsjobbing lyt påreknast i periodar
- Pensjonsordning
Om Gloppen kommune
I Gloppen er idrett populært og har gode kår – noko som syner att i antal idrettslag og klubbar i kommunen. I tillegg til eineståande natur, har kommunen fleire moderne og flotte anlegg som Idrettslaga nyt godt av.
Facebook: STILfotball
www.visitgloppen.no
www.gloppen.kommune.no
www.trivselshagen.no
www.trivselsskogen.no
Søknad
Er dette noko for deg? Då høyrer vi gjerne frå deg.
Søknaden sender du til styreleiar.
Søknadsfrist 1. september 2024.
Om du har spørsmål tek du kontakt (helst på kveldstid) med:
Styreleiar
Anders Gimmestad Gule
97 66 31 50
[email protected]
Leiar fotballgruppa
Gro Pleym Iversen
99 28 43 48
[email protected]
Foto: Dina Rygg Eide
Redigert 12.08.2024 kl. 13:30