Nr 1 i Norway Cup!
Forfatter: Svein Kristiansen
21. desember 2023
Småjentelaget gjekk heilt til topps!
Biletet: Tvillingparet Elise (t.v.) og Sigrid Heien Hansen var sentrale spelarar på Sandane. Suksessen i Norway Cup skuldast imidlertid at laget har sterke og gode spelarar på alle plassar. Bilete frå kvartfinalen mot Borre. Foto: Sjur Gimmestad.
Sandane sine småjenter hadde i 2009 ei imponerande Norway Cup-turnering.
Under leiing av Åge Hansen og Asle Rosø imponerte STIL eit stort publikum med styrke, fart, teknikk og ikkje minst vinnarvilje. Fram til finalen hadde småjentene 35-0 i målskilnad!
Fleire av jentene på laget var med då Sandane småjenter spelte semifinale i Norway Cup året før. Laget hadde såleis spelarar som visste litt om kva eit cupspel innebar. Turneringa i 2009 hadde vist at dei nye jentene på laget hadde takla oppgåvene svært bra. Laget verkar homogent og utan svake punkt, kunne vi lese på STIL si heimeside før finalekampen.
I finalen venta det tyske laget SV Endorf.
Som venta vart det ein spennande finalekamp. Etter 0-0 til pause, gjekk Endorf opp i 1-0-leiing. Men med eit direkte frisparkmål frå Maren Rosø og skåring frå Sigrid Heien Hansen klarte Sandane å snu kampen i andre omgang. Les Peder Hauge si live-oppdatering frå kampen, sjølvsagt på nynorsk.
Det var Lisa Apolinarski som skåra Endorf sitt mål. Og om du vil kikke på kva dei tyske lokalavisene hadde å seie om finalekampen, kan du lese HER.
Epilog
Motstandaren i finalen i 2009, SV Endorf, tok turen til Norway Cup også i 2010. "Vi har ikkje gløymt Sandane sitt avgjerande mål, 30 sekund før full tid. I år vil vi vinne!", erklærte Endorf-trenaren, Hans-Joachim "Hajo" Kristofferson, til avisa Westfalenpost. Det blei imidlertid heller ikkje seier i 2010. Endorf gjekk på eit 1-4-nederlag i kvarfinalen mot Jotun.