[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sander Aske Granheim klar for IK Start

Forfatter: Administrasjonen

31. august 2026

Fotball
News article image

Frå Sandane til Eliteserien i fotball

Sandensaren Sander Aske Granheim (19) tek eit nytt stort steg i fotballkarrieren. Midtstopparen har signert for IK Start på ein kontrakt som varer ut 2030.

Custom image

Foto: IK Start

Sander er fostra opp i Sandane Turn og Idrettslag og gjekk gradene i STIL Fotball før han melde overgang til Sogndal i 2023. Sidan den gong har utviklinga gått raskt.

Våren 2025 signerte han sin første profesjonelle kontrakt og spelte seg på kort tid inn på A-laget til Sogndal. Trass i sin unge alder står han allereie med 54 kampar for klubben. Gode prestasjonar i OBOS-ligaen har også gitt han kampar med flagget på brystet for aldersbestemte landslag.

No går ferda vidare til Kristiansand og IK Start. Der får Sander draktnummer 5 og blir ein del av det sportslege prosjektet til hovudtrenar Azar Karadas. Start trekkjer fram erfaringa han allereie har opparbeidd seg, og omtalar han som ein moderne og spennande forsvarsspelar med stort utviklingspotensial.

Custom image

Foto: IK Start

Ei stor inspirasjonskjelde

For oss i STIL Fotball er det både stort og inspirerande å sjå ein spelar frå vårt eige miljø ta dette steget. Reisa til Sander viser unge spelarar på Sandane at det er mogleg å nå langt – også når fotballkarrieren startar i ein mindre breiddeklubb.

Bak framgangen ligg det mange år med målretta trening, gode prioriteringar og eit sterkt ønske om å utvikle seg. Sander har sjølv lagt ned den viktigaste jobben, samtidig som familie, lagkameratar, trenarar og utviklingsmiljøet i Sogndal har vore viktige på vegen.

Overgangen har fått stor merksemd nasjonalt og blir omtalt som ei betydeleg investering frå IK Start. For STIL Fotball er det først og fremst ei stor glede å sjå ein av våre eigne få tillit og moglegheita til å ta det neste steget i karrieren.

Vi gratulerer Sander og familien med overgangen og ønskjer han masse lukke til i IK Start!

Heile STIL heiar på deg vidare, Sander!

Custom image

Foto: Martin Salbu