Enivest IFO
Høyang vart for sterke
Forfatter: Svein Kristiansen
26. oktober 2015
Fotball
Breimsbygda/Sandane sitt damelag tok søndag imot Høyang til andre semifinale i kampen om å møte Sogndal i finalen.
Høyang hadde ein 3-1 seier å gå på frå første møte mellom dei to laga.
Høyang leia 2-0 til pause. Midtvegs i andre omgang reduserte Breimsbygda/Sandane ved Maria Kleppe. Men Høyang var ganske kjapt framme og auka leiinga til 3-1 og med det resultatet ebba kampen ut.
Breimsbygda/Sandane kan vere nøgde med ein flott sesong, og vi gratulerer trenar Bjørn Åmot og mannskapet for innsatsen.
Finalen mellom Sogndal og Høyang vert spela 31. oktober.
Bilder og kampfakta på Haugen Fotball.