[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Trenartips!

Forfatter: Svein Kristiansen

29. august 2016

Fotball
News article image

Viktig info til deg som er trenar eller ønsker å bli grasrottrenar i STIL: Ein ROLEG veg og ein LYNKJAPP veg til C-lisens/Grasrottrenarstatus.

STIL Fotball arrangerer 1-2 trenarkurs i året langs den såkalla C-stigen. Når du har deltatt på fire kurs får du C-lisens, eller Grasrottrenarlisens, som det no heiter. 

Dei to siste åra har 10 trenarar fått C-lisens i STIL, og fleire er på veg. 

Den rolege vegen til C-lisens: 

Du tar eitt og eitt kurs etterkvart som dei blir annonsert. Til helga (2.-3. september arrangerer vi delkurs 3. Det er det same kva rekkefølge du tar kursa, så vi vil oppmode dei som er interesserte i å hoppe på! Klubben betaler for alle kursdeltakarar. Vi treng fleire med på dette kurset, så ta kontakt om du er interessert!  [email protected] 

Den lynraske vegen til C-lisens:

Ei veke i Spania i november. Du får ta alle 4 kursa samla, og kjem heim som C-trenar. Er du interessert?  Les meir HER, og ta gjerne ein prat med utdanningsansvarleg Svein Kristiansen. [email protected]