[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Unødvendig tap

Forfatter: Trond Salveson

16. april 2016

Fotball
News article image

Stil tapte 2 - 1 for Tmfk i serieåpninga fredag kveld

4. divisjon

Sandane Idrettspark,kunsgraset

Sandane - Tornado Måløy 1 - 2 (1 - 1)

1 - 0 (Petja Cink, 21 min,)

1 - 1 (Eirik Holvik, 30 mim.)

1 - 2 (Marius Stavenes Refvik, 30 min.

 

Dommar: Brede Nymark, Sogndal IL

Gult kort: Petja Cink, Stil og Fridjon Mortensen., Tmfk

Rødt kort: Eirik Rauset

Sandane: Simon Gimmestad, William Landøy, Martin Svarstad, Håkon Schjølberg (Magnus Bolseth frå 67.min.) Kyrre Vereide Kroken, Petja Cink, Eirik Rauset, Arne Morten Vilnes Øen,( Gudmund Bjotveit frå 46.min.), Anders Frøyen, Jonas Løvland, Thomas Dyrrdal.

Dette vart ein jamnspelt kamp der Sandane spelte seg fram til dei største sjangsane. Alt etter 10. min vart Thomas Dyrrdal spelt fint fri, men Tmfk keeper Elde fikk avverga. Stil sitt mål kom etter at Petja Cink fikk vendt opp i Tmfk sin 16 meter, og sette ballen i venstre hjørnet for keeper. etter dette hadde Stil fleire muligheter . Nærmast var Jonas Løvland med eit stolpeskud. Tmfk sitt fyrste mål (Eirik Holvik) kom etter kommunikasjonfeil i bakre rekker i Stil, og burde være mulig unngå. Straffa til Tmfk var av den svært billige sorten, men Marius Stavenes Refvik var sikker frå straffemerket. Samme mann var svært nær scoring då han sette eit frispark i tverrliggaren.  Stil gjorde det vanskelig for seg sjølve med mykje ballføring som senka farten i angrepet og førte til brudd på Tmfk sin banehalvdel, der midtstopparane og ein god Refvik på midtbana fekk slå dei lange ballane opp mot forsvaret til Stil .Det raude kortet til Eirik Rauset var nok i det strengaste laget, men hadde nok ikkje forandra på sluttresultatet.

Ein kamp der Tmfk bør være svært godt fornøgd med 3 poeng.

Neste kamp for Stil er bortekamp mot Kaupanger fredag 22.04. kl. 19.00.

Andre resultat i 4. div.:

Skavøypoll - Bremanger   2 - 0

Høyang - Kaupanger        3 - 3

Fjøra2/Sil3 - Vik               0 - 2