Sandane slo TMFK!
Forfatter: Svein Kristiansen
10. oktober 2015
Sandane vann ein svært fortent seier over Tornado Måløy laurdag ettermiddag. Lenke til videoglimt frå kampen finn du her.
Sandane - Tornado Måløy 1-0 (1-0)
4. divisjon
Sandane Idrettspark, kunstgras
1-0 (31. min) Thomas Dyrrdal
Dommar: Thor Kristian Sortevik, Svelgen TIF
Gule kort Sandane: Sebastian Bujnicki, Ole Andre Aa, Jonas Løvland og Martin Sivertsen.
Gule kort TMFK: Sondre Myhre Silden og Sindre Haugen
Rødt kort TMFK: Sindre Haugen (to gule)
Sandane: Simon Gimmestad, Kyrre V. Kroken, Andreas B. Vereide (Vegard K. Flatjord frå 18. min), Martin Sivertsen, William Landøy, Ole Andre Aa, Isak G. Solheim (Sebastian Bujnicki frå 37. min), Ingebjørn Mundal (Tarjei Bjørkum Vereide frå 46. min), Sebastian Haugen (Kristian Møll frå 90. min+), Jonas Løvland, Thomas Dyrrdal.
TMFKs benk syntest mest oppteken av dommar Sortevik både under og etter denne kampen, og mange kan nok i ettertid ønske at Sortevik hadde hatt eit tydelegare og strengare line frå start. No vart det i staden utdeling av kort i store mengder utover i kampen.
TMFK opna best, men STiL heva seg og kom etterkvart godt med i kampen. 1-0 kom på eit glimrande angrep og Sandane skapte også fleire store sjansar i etterkant av målet. Nærast kom Jonas Løvland med sitt frispark som small i stolpen.
I andre omgang var StiLs plan å gå litt roleg ut, men strengt såg det heile ut til fungere langt betre når laget sto høgare ville meir. Utover i andre omgang var det angrep på angrep mot TMFKs mål og det er i grunnen vanskeleg å gjere greie for kva som gjorde at STIL ikkje kom frå dette oppgjeret med 4-5 mål i pluss.
No vart det i staden spenning heilt til siste overtidsminutt. Men STIL heldt kontrollen bakerst og kunne derfor juble over seier som brakte laget forbi TMFK på tabellen.
Les meir frå kampen i vår LIVE-oppdatering.