Bli med på fotballakademiet! Oppstart 8. januar 24
Forfatter: Gro Pleym Iversen
03. januar 2024
Jenter og gutar fødde i 2012, 2013 og 2014 kan no få ein teknikk-boost
STIL Fotballakademi er eit tilbod til dei som ynskjer å bruke endå meir tid på fotball. Målsettinga er å gje deltakarane betre individuelle tekniske ferdighetar og koordinative eigenskapar. Det blir mykje terping på teknikk og blir i utgangspunktet ikkje lagt opp til spel.
STIL Fotballakademi startar opp med følgande tilbod:
Akademi for jenter og gutar fødde i 2012, 2013 og 2014.
Oppstart: mandag 08.01.2024 kl 1800-1900. Stad: Bane 1 i Trivselshallen, Sandane.
Treninga er «teknikkakademi» med Jørund Walseth som instruktør.
Akademiet har totalt 40 plassar, og ein må melde seg på for heile akademiperioden, som vil gå frå mandag 08.01.24 til og med mandag 12.02.2024.
Akademiet er ope for alle, og plassane vert tildelt etter kvart som påmeldingane vert registrerte.
Betaling online ved påmelding. Pris for deltaking: kr 300,- per person
Eventuelle spørsmål angåande akademiet kan stillast til leiar for aldersbestemt fotball; Sondre Louis Gjelsten, tlf. 97 10 35 48 ev. e-post; [email protected]
Link til påmelding: https://arrangement.spoortz.no/register/#/Fotballakademi2024_03012024124547
Alle skal være med
I STIL FOTBALL ØNSKER VI AT ALLE BARN OG UNGE SKAL BLI INKLUDERT!
Ein skal kunne delta på treningar/fotballaktivitet uavhengig av privat økonomisk situasjon. Ta kontakt på [email protected] for å få kampanjekode (gratis deltaking)