STIL fotball inviterer til SUPERSOMMAR 2022
Forfatter: Svein Kristiansen
04. mai 2022
Og dermed har nokon der ute også fått tips til kva sommarjobben i år går ut på (søknadsfrist 20. mai)! Supersommar utviklar seg, og 2022-tilbodet får spennande, nytt innhald.
Tekst og foto: Ingmar Sægrov
I år som i fjor har Gjensidigestiftelsen innvilga søknaden om å arrangere eit gratistilbod til barn og unge i sommar.
Tilbodet blei ein suksess i fjor med godt oppmøte gjennom heile sommaren og samtidig kunne vi tilby sommarjobbar til ungdommen i bygda. Nytt av året er at vi ønskjer å nå fleire i aldersgruppa 13-17 år. Derfor deler vi opp tilbodet i to: Supersommar Barn der målgruppa er 7-12 år og Supersommar Ungdom 13-17 år. Kvar målgruppe får dermed tre aktivitetstilbod gjennom ferien.
Det blir aktivitetar på kunstgraset, Trivselsskogen og vi har planar om terrengsykling på Vereide.
Sommarjobb til ungdom
Gjensidigestiftelsen ønskjer å bidra slik at ungdom kan få seg sommarjobb. Dette tilbodet blir drifta av ungdom, med støtte frå vaksne i STIL Fotball.
Ein del laurdagar og ein søndag gjennom sommarferien har vi behov for instruktørar til Supersommar. Datoane er, 25.06, 02.07, 16.07, 30.07, 31.07 og 06.08.
Du binder deg ikkje til å arbeide alle laurdagar dersom det ikkje passar med andre jobbar, evt reise. Om det er datoar du ikkje kan stille, er det fint om det blir informert om dette i søknaden
Lengdene på laurdags føremiddag vil nok variere frå laurdag til laurdag mtp aktivitet, men ungdommen får 1 time ekstra betalt, som går til rigging / rydding av utstyr. Instruktørane blir lønna til ca 4 timer pr økt.
Er du født i 2005 eller tidlegare så kan du søke om å bli instruktør og dermed skaffe deg ein svært spennande, aktiv og artig sommarjobb. Vi ønskjer rundt 8 instruktørar til årets tilbod.
Det er åpent for alle å søke, men medlemmar i STIL i alderen 17-20 år vil bli prioritert, framfor søkarar utan noværande eller tidlegare tilknytning til klubben.
Klubben ser etter ungdom som er sjølvstendige, positive, har godt humør, flinke til å aktiviserer barn, viser omsorg og er gode rollemodellar.
I søknaden skriv du litt om deg sjølv og kvifor du ønsker denne sommarjobben. Ellers: Har du erfaring frå andre jobbar? Kva er din fotball-CV?
Alle som skal ha denne typen arbeid må legge fram politiattest. Er du under 18 år er det dine foreldre som må søke for deg, er du over 18 år søker du sjølv. Attesten er lett å søke om på nettet, og du kan ordne med den straks du har fått beskjed om at du får sommarjobb hos oss (stadfestinga på at du har fått sommarjobben skal sendast inn saman med søknaden om politiattest). Send søknad til sportsleg leiar: Ingmar Sægrov. E-post: [email protected]
(Søknaden blir behandla i sportsleg utval.)
Søknadsfrist: 20 mai 2022
Linkar frå Supersommar 2021 https://www.firdatidend.no/sport/stil-inviterer-ti...