MiNi knøtteturnering
Forfatter: Gro Pleym Iversen
25. mai 2021
Søndag 30. mai 2021 blir det mini knøtteturnering på Sandane, med lag frå Gloppen kommune, altså Sandane, Breim og Hyen.
Barn født i 2015 og 2013, skal spele sine kamper kl. 11.00-13.00, og barn født i 2014 og 2012 skal spele kl. 14.00-16.00.
Som følge av koronarestriksjoner kan kvart barn kun ha med seg ein foresatt. Vi ber om at dei som er inne på kampområdet ikkje nytter klatreparken, og at dei som er i klatreparken ikkje går inn på kampområdet.
Av smittevernhensyn må alle som skal inn på stadionområdet registrere seg. Du kan registrere deg elektronisk før du kjem eller ved ankomst, og du kan registrere fleire på samme telefonnummer. Registrering gjer du via denne lenka:
Personregistrering for STIL fotball sine arrangement
Du får bekrefting på registreringa på e-post. Denne kan du vise fram om du registrerer deg på førehand. Det vil framleis vere mogleg å registrere seg fysisk når ein kjem, men vi ber om at alle som kan registrerer seg elektronisk.
Husk å holde minst 1 meter avstand til andre som ikkje er i samme husstand.
Barn født i 2015 og 2014 skal spele 3 mot 3 i vant, og kampane varer i 8 minutt. Barn født i 2013 og 2012 skal spele 5 mot 5, og kampane varer i 12 minutt.
Barn som ønsker å vere med, må melde seg på til laget sitt innan onsdag 26. mai. Kampoppsett blir annonsert i forkant av turnering.
Det blir kiosk med sal av is og brus. Det blir kun mulig å bruke Vipps som betaling. Husk at ein støtter klubben med å handle i kiosken.
STIL knøttestyret er heilt avhengige av å ha foreldre med på dugnad. Vi treng hjelp til kampverter, parkeringsvakter, i kiosken, til rigging og opprydding. Vi kjem tilbake med antal, oppdrag og klokkeslett.