Nye kostar i fotballgruppa
Forfatter: Svein Kristiansen
13. mars 2017
Jan Erik Mardal, Egil Brekke og Kjell Alme tar plass i fotballstyret.
Det er inga overdriving å seie at fotballmiljøet i STIL har vore prega av stabilitet dei seinare åra. Og - ingen grunn til uro: Sjur Gimmestad går på sitt sjuande år som fotballeiar, og vart einstemmig attvalt for eit nytt år i sjefsstolen. Fleire av styremedlemmene var ikkje på val, men ein del ringrevar i styret hadde meldt frå at dei no ønskte avløysing. Dette galdt Arild Bruland (leiar anleggsnemnda), Allan Mardal (leiar aldersbestemt) og Svein Kristiansen (nestleiar). I økonomigruppa takka Marit Myklebust Hauge for seg. Roger Flølo tar hennar plass, medan Ole Jakob Helgheim vert nytt medlem i anleggsnemnda.
Nestleiar i valkomiteen, Per Helge Evebø, presenterte valnemnda sitt framlegg og fekk årsmøtet med på følgande spennande endringar:
Jan Erik Mardal vert ny nestleiar, Kjell Alme vert leiar av anleggsnemnda, medan Egil Brekke tek over vervet som leiar for aldersbestemtfotballen.
Fotballstyret ser då slik ut:
Leiar: Sjur Gimmestad
Nestleiar: Jan Erik Mardal
Vaksenfotball: Trond Salveson
Aldersbestemt: Egil Brekke
Økonomi; Karoline Klausen
Arrangement/kiosk: Hege Marita Svalheim
Sportsleg leiar: Magne Larsen
Anlegg: Kjell Alme
Varamedlem: Svein Kristiansen
Oversikt over gruppene i STIL-fotballen