GRATIS keeperskule for jenter!
Forfatter: Svein Kristiansen
19. oktober 2016
Ei gåve frå Sigrid Heien Hansen til fotballgruppa i STIL gir unge jentemålvakter høve til gratis impulssamling: Terje Skjeldestad keeperskule vert arrangert i slutten av oktober. Gutar er sjølvsagt også velkomne, og vil få dekka halve kursavgifta av klubben.
Sandane ønsker å stimulere unge målvakter i klubben, både gutar og jenter, til vidare utvikling.
Sigrid Heien Hansen gav i fjor eit større pengebeløp til STIL, og det er avtala at noko av beløpet skal gå til utviklingsarbeid for jentemålvakter i klubben.
Sandane har tidlegare hatt fleire målvakter med på Terje Skjeldestad sin keeperskule, og erfaringane er svært gode. Skulen vert arrangert 28.-30. oktober, i Sognahallen.
Vi oppmodar alle som kan tenke seg å delta, om å melde seg på via laget ditt sin trenar.