Roselaget gjenoppstår!
Forfatter: Svein Kristiansen
19. april 2022
GHK og STIL fotball samarbeider om eit nytt og spennande tilbod: Roselaget startar opp med sine første treningar førstkomande veke. Det vil seie, heilt nytt er tilbodet ikkje: Roselaget var ein del av STIL-fotballen også på slutten av 1990-talet/byrjinga av 2000-talet. Og ein av dei som drog det i gang den gongen, er fortsatt med! Nytt denne gongen er at det vert både handball- og fotballtreningar.
Torill Fjellestad, kvalitetsklubbansvarleg og styremedlem i fotballgruppa, opplyser at målgruppa for tilbodet er ungdom over 13 år og vaksne med utviklingshemming. Klubbane har fåttt viktig støtte til oppstarten frå Gjensidigestiftelsen.
Tid og stad for fotballtreninga er kaldhallen ved kunstgrasbana på Sandane, tysdagar 17.30-18.30, med første trening tysdag 26. april.
Samarbeidet mellom GHK og STIL inneber at det blir fotballtreningar frå no og fram til tidleg haust. Frå haustferien overtek GHK og det blir handballtreningar innandørs. Det er sett saman eit svært kompetent trenarteam: Steinar Sægrov, Lisbeth Momrak og Bjørn Atle Skaaden har ansvar for fotballtreningane, medan GHK-nestor Kjell Aske vil ha hovudansvaret når handballtreningane kjem i gang. Steinar Sægrov var primus motor då Roselaget første gang var etablert i STIL.
Alle som deltar på treninga vil få nødvendig utstyr (fotballsko, leggskinn og treningsklede). Tilbodet er gratis, men alle må vere medlem i STIL (100 kr) for å spele fotball og i GHK (100 kr) for å spele handball. Dette for å vere dekka av lagsforsikring.
Interesserte kan ta kontakt med Torill Fjellestad for meir informasjon; : [email protected], tlf 995 48 824.