Skavøypoll - Sandane 3-1
Forfatter: Svein Kristiansen
18. oktober 2015
Sandane opna kampen bra, men det vart fort klart at det var Skavøypoll som ville mest. Det sto 3-0 til heimelaget før ein halv time var spela.
Stian Åmelfot skåra for heimelaget alt etter 8 minutts spel, og det var eit flott angrep langs høgresida. Innlegget framfor mål nådde ein ventande og heilt umarkert Åmelfot, som enkelt kunne sette ballen i mål. Sidan netta Åmelfot (24. min) og Steven Silden (28. min) og mørket senka seg over eit elles nydeleg Pollenstadion. Sandane spelte seg til ein god del cornerar og hadde sin del av banespelet, men det vart skapt lite framover. Det var usikkerheit defensivt og på midtbana var det mykje upresist å sjå. Skavøypoll fekk store rom å spele i, og resultatet vart fleire flotte angrep frå heimelaget.
Godt med pause, og Sandane gjorde omleggingar etter kvilda. Torbjørn Gran inn på høgre back og Ole Andre Aa inn sentralt på midten. Eirik Rauset som defensivt anker på midten.Dette fungerte betre, og Sandane kom til fleire avslutningar i denne omgangen. Dessverre vart Thomas Dyrrdal og STiL avblese for offside då ballen gjekk i mål på eitt av STILs første angrep. Det vert hevda å vere filmdokumentasjon på at offsideavblåsinga var ei feilaktig avgjerd.
No vart det med Thomas Dyrrdal si redusering i det 88. minutt av kampen.
Alt i alt ein svak kamp av Sandane, sjølv om andreomgangen var godkjent. Skavøypoll vann fortent og tok dermed fjerdeplassen i 4. divisjon, framfor Sandane.
Sandløvene frå Nordfjord folkehøgskule var hjarteleg til stades på stadion og skapte liv og røre kampen igjennom. Takk til dei!