Sterk borteseier
Forfatter: Svein Kristiansen
22. april 2016
Sandane tok ein sterk borteseier på Kaupangerskogen fredag kveld. Simon Gimmestad spela ein kanonkamp og var kampens store spelar.
Kaupanger - Sandane 1-2 (1-2)
4. divisjon
Klenkarberget Idrettsplass
1-0 (4. min) Eirik Menes
1-1 (24. min) Anders Frøyen
1-2 (44. min) Arne Morten Vilnes Øen
STIL tok ein av sine svært sjeldne seirar på heimebana til Kaupanger. Seieren kom som følge av eit hardt arbeidande mannskap som viste stayerevne og høg moral heilt til siste speleminutt.
Sandane opna svakt og vart straffa alt i opningsminutta då Eirik Menes sette ballen pent i mål. Men det skulle vise seg at årets STIL-utgåve har mykje fotball i seg. Det vart kveik i laget med Anders Frøyen si skåring midtvegs i omgangen, og STiL tok sidan leiing då Arne Morten Vilnes Øen tok eit flott raid framover.
Kampen store spelar var Simon Gimmestad, som ordna opp dei gongene Kaupanger slapp igjennom, og som leverte strålande keeperspel heile kampen til endes.
-Det var flott å sjå stayerevna i laget i kveld. Som naturleg er, pressa Kaupanger på for ei utlikning mot slutten, men Sandane heldt kampviljen oppe og sto svært godt i mot, vert det meldt frå Sogn.
Sandane hadde gode sjansar til å punktere kampen, men det vart med dei to måla.