Informasjon om Enivest IFO 2026/2027
Forfatter: Administrasjonen
24. mars 2026
Informasjon om påmelding til Enivest IFO – skuleåret 2026/2027
Sandane Turn og Idrettslag startar opp Enivest IFO (Idrettsfritidsordning) for elevar på 2.–5. trinn. Tilbodet er for barn som ønskjer ein aktiv og sosial ettermiddag etter skuletid, med fokus på leik, idrett og gode opplevingar saman.
IFO vil vere open etter skuletid frå kl. 14:00 til 16:00.
Pris per månad
Det er mogleg å melde seg på frå 1 til 5 dagar per veke.
| Dagar per veke | Pris per månad |
| 1 dag | 800 kr |
| 2 dagar | 1300 kr |
| 3 dagar | 1800 kr |
| 4 dagar | 2150 kr |
| 5 dagar | 2500 kr |
*Transport og måltid er inkludert i prisen.
Oppstartstilbod
For påmeldingar gjort innan 1. april, gir vi 200 kr rabatt per månad dei to første månadene.
Rabatten gjeld per påmelding, uavhengig av kor mange dagar ein er påmeldt.
Søskenrabatt
Det blir gitt 15 % søskenrabatt for barn nummer to (og fleire) frå same familie.
Prioritet ved påmelding
Barn som allereie er påmeldt Enivest IFO får førsteprioritet ved tildeling av plassar.
Viktig informasjon om tysdag og onsdag
På tysdagar og onsdagar sluttar nokre elevar kl. 13:00. Det vil derfor vere ein time mellom skuletid og oppstart av IFO kl. 14:00.
For elevar i 2. og 3. klasse er denne timen gratis gjennom SFO, men føresette må sjølve melde barnet på SFO.
For elevar i 4. klasse arbeider vi med å få på plass ei ordning, men dette er ikkje spikra enda. Meir informasjon kring dette kjem.
Påmelding
Påmelding skjer via Microsoft Forms
under eller på nettsida:
Påmelding
Enivest IFO for skuleåret 2026/2027 – Fyll ut skjema
BEGRENSA ANTAL PLASSAR!
Les meir på heimesida vår: enivestifo.no