[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandanes best bevarte hemmelegheit?

Forfatter: Svein Kristiansen

17. august 2022

Fotball
News article image

Ei bakside med store fordelar!

STIL fotball sel i dei komande vekene lodd i Rabattlotteriet, noko som kan vise seg å bli eitt av dine betre kjøp i år.

Visste du at lodda i Rabattlotteriet har to sider? Om du ikkje visste - det kan lønne seg å sjekke!

På side 1 finn du ei oversikt over gevinstane, med ein samla verdi på over 45.000 kroner.

Men færre synest å vere klar over at på baksida finn ein oversikt over dei rabattane som gode næringslivsaktørar gjev alle som kjøper eit Rabattlodd: Du får gode avslag på dine kjøp om du tar loddet med til butikken!

TreBo-hus gir deg 20 prosent avslag på maling og belysning.

Fargerike og Heime gir deg 10 prosent avslag på alle ordinære varer, det same gjer Aagård sko. Tystad blomster har også 10 prosent avslag på mange av sine varer. Nytt teppe? Møbelringen slår av 30 prosent på prisen.

Nokre har lurt på om det er slik at ein kun kan bruke loddet i ein av butikkane. Svaret er nei: Du kan bruke Rabattlotteriet i alle dei seks nemnde butikkane. Seks rabattkjøp, seks ulike stader!

Eit rabattlodd kostar kr 100. Det kan fort vise seg å vere lønsamt.

Custom image