Dette var stas!
Forfatter: Gro Pleym Iversen
25. mai 2023
Andreas som ass. dommar i cupkampen mellom Eid og Ålesund
I går 24.5 var det ein cupkamp mellom Eid og Ålesund på Eid stadion, 1400 publikummarar og vår eigen Andreas Skeistrand Bakkelid var assistent dommar. Vi fekk ein prat med han om opplevinga.
Korleis var dette Andreas?
« Det var ei stor oppleving, gøy med så mange på tribunen. Det gav ei flott ramme og god trøkk. Innmarsjen var å gå gjennom ei god rekke med unge Eid-spelarar og til musikk. Proft! Under kampen høyrde eg mest frå heimepublikum og dei kunne nok seie ifrå når dei var ueinige. Men det har eg lært meg til å leve med. Det blir som litt bakgrunnstøy. Kampen vart eit høgdepunkt i mi korte karriere som dommar»
Tenkte du litt annleis om denne kampen enn dei andre du har dømt?
«Ja, eg var kanskje litt meir nervøs. Fekk høyre at dette var litt opp i systemet, og vere ein av 9 frå kretsen som fekk dømme denne cupkvelden var stas. Artig at Petja Cink og fekk ein kamp som assistentdommar (Fjøra-Florø). Bra å vere to som kan hjelpe kvarandre i dømminga.
Men når kampen starta var det å halde fokus. Kven er i offside, kven må ein fylgje ekstra med på. Vi i dommarteamet hadde god førebuing før kamp og i pausen. Og etter kampen hadde vi god hjelp til evaluering med ein dommarvegleiar. Å dømme kampar lærar ein av.»
Er det vanskeleg å vere dommar?
«I grunnen ikkje, klart det er krevjande når ein dømmer på høgare nivå. Men uansett må ein halde fokus. Å dømme mange kampar gjev god trening. Eg har fått mest erfaring med å vere assistentdommar og får stadig prøve meg på nye oppgåver. Til helga er det dømming i 3.divisjon, Florø og Raufoss 2.
Tenker du deg ei framtid som dommar?
«Ja, eigentleg. Det er jo kjekt! Det har vore bra å få god støtte frå klubben der Steinar, Kjell og Einar har hjelpt meg mykje.»
Vil du anbefale å bli dommar?
«Ja! Kjekt miljø og ein kan få stadig nye utfordringar. «
Underteikna takkar for praten og ønsker lykke til vidare i sesongen!
Vidar Bjotveit, dommaransvarleg i STIL FOTBALL
Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no