-La teamet bli ein metode for utvikling
Forfatter: Svein Kristiansen
22. juli 2015
Landslagstrenarane for det norske kvinnelandslaget, Thorir Hergeirsson og Mia Hermansson-Høgdahl, delte villig av sine erfaringar i møte med idrettsaktørar, næringslivsfolk og politikarar.
Kring 70 frammøtte i Kultursalen fekk høyre dei to landslagstrenarane gi eit interessant innblikk i tenkninga bak kvinnelandslaget sin suksess.
I løpet av knappe to timar fekk tilhøyrarane mange innspel i forhold til arbeid på individ- og gruppenivå med våre fremste handballtalent. Då Martin Sivertsen som siste spørsmålsstillar undra seg på kva råd landslagstrenarane ville gje amatørklubbane og trenarane ute i distrikts-Norge, var svaret frå Hergeirsson kontant: Sats på å bruke laget som ein utviklingsarena. Teamutvikling med fokus på teamet som ein eigen metode for utviklingsarbeidet bør stå sentralt. Sørg i tillegg for å få med gode miljøskaparar.
Suksessfaktorane til det norske kvinnelandslaget var fleire, i følge Hergeirsson og Hermansson-Høgdahl. Dei trakk fram kontinuiteten både på trenar- og spelarsida som ein nøkkkelfaktor. Sidan 1984 har det norske landslaget hatt tre hovudtrenarar. Hergeirsson kom stadig tilbake til betydninga av at han som trenar var oppteken å få med seg medtrenarar med kunnskap og ferdigheiter som han sjølv ikkje hadde.
Ein annan suksessfaktor har vore arbeidet med verdiar og utviklinga av lagånd. -Dette er ein kontinuerleg prosess, sidan vi stadig gjennomgår generasjonsskifter, forklarte Hermansson-Høgdahl.
Landslaget sin leiar- og trenarfilosofi vart presentert, noko som både var interessant for idrettspopulasjonen i salen, men også for næringslivsaktørane.
Hergeirrson og Hermansson-Høgdahl understreka betydninga av å gje spelarane konkrete og konstruktive tilbakemeldingar. Når det gjeld spelarutvikling må spelaren heile tida vere i sentrum. Det er spelaren sjølv som deltek i alle miljø, i klubb og på samlingar, sa Hergeirsson. Han meinte også at om Norge skal vere i verdstoppen i kvinnehandball, er dei forplikta til å vere med å utvikle idretten vidare. -Vi er framleis ein ung idrett, sa Hergeirsson.
Alt i alt ei svært interessant økt med to sympatiske trenarar i Kultursalen.