Akademiet er godt i gang
Forfatter: Svein Kristiansen
15. februar 2022
STIL sitt fotballakademi samlar fotballinteresserte gutar og jenter til ferdigheitstrening ein gong i veka.
I 10 veker no på nyåret vert STIL sitt fotballakademi arrangert i Trivselshallen. Kvar tysdag samlast nær 20 ivrige born i alderen 7-11 år for å utvikle fotballinteressa si. Dei tre trenarane, Sivert Fure Skinlo, Sebastian Uribe og Hallvard Bjotveit er alle elevar ved 3 klasse idrett på Firda vidaregåande skule, og opplegget er også ein del av deira instruktørutdanning ved skulen. Dei står for det faglege opplegget, som ved sidan av litt skolisseknyting og anna hjelp til dei unge, består av ulike fotballretta øvingar. (Artikkelen held fram under bildet).
Bilde: Akademitrenarane (f.v.) Hallvard Bjotveit, Sivert Fure Skinlo og Sebastian Uribe.
Dagen vi var innom akademiet starta det heile med 10 pushups til forseintkomarane, noko som såg ut til å bli gjennomført med både kraft og iver. Sidan var det oppvarmingsleik og deretter pasningsøvelsar, skot-trening og fotballspel som avslutning.
Akademiet har både jenter og gutar med på treningane. Dei tre akademitrenarane leia det heile med stor tryggleik og såg ut til å ha eit våkent blikk på dei ulike behova som dei unge fotballtalenta måtte ha.
Bilde: Her skulle vi sjølvsagt hatt bilder av akademideltakarane, men av gode grunnar må det utstå til seinare.