[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane - Jølster 3-4

Forfatter: Svein Kristiansen

13. mars 2016

Fotball
News article image

STIL forsvarte seg dårleg og måtte trass i tre eigne mål sjå seg slått av eit kjempande Jølsterlag.

Jølster sette standarden frå start med høg tenning og fint tempo i eige spel. Alt etter 1 minutt og femti sekund låg ballen i nota bak Simon Gimmestad, då ein corner vart nikka pent i mål. Sandane kom seg imidlertid til hektene og det vart 1-1 etter ni minutts spel då Thomas Dyrrdal spelte Magnus N. Bolseth fri på høgre kant. Magnus gjorde alt rett og avslutta med eit fint skot i mål. 

Det fine med treningskampar er at feila kan gjerast unna før seriestart. Jølster gjekk opp til 1-2 på det som må kallast ei gåvepakke frå STILs forsvar. Førsteforsvarsjobben vart for nølande utført og Jølsters spelar fekk ein enkel jobb åleine mot mål. 

Andre omgang starta med eit STILovertak, og omgangen var fem minutt gamal då det vart 2-2. Thomas Dyrrdal vart felt i straffefeltet og han sette sjølv straffa sikkert i mål. Same mann gav Sandane 3-2 midtvegs i omgangen, til store protestar frå eit offsideropande Jølsterforsvar. Jølster kunne imidlertid trygt la ballen gjere jobben. Ein tvilsam corner vart hamra i mål frå kort hald ved bakerste stolpe. Sandane hadde då hatt føringa i spelet, og lite hadde tyda på at Jølster skulle snu kampen. 

Med fem minutt igjen å spele var det Vegard Flatjord og Jølster som avgjorde kampen. Ei flott kontring avslørte store hol i STILs forsvar og Flatjord hadde ei enkel oppgåve med å sette ballen i mål. 

Dermed seier til eit Jølsterlag som periodevis viste mykje fin fotball, med tempo og gode ballvekslingar i sitt offensive spel. Duellstyrken er som vi kjenner den frå tidlegare.

Sandane har eit ungt mannskap og det kunne sjå ut som fleire trengte litt tid på å kome i gang. Fint var det å sjå at fleire av spelarane vaks utovver i kampen. Ein av dei var Arne Morten Vilnes Øen, og på venstresida såg vi eit gryande radarpar i Espen Reed Lothe og Petja Cink. Elles såg vi glimt av kva gode ting vi kan vente oss framover både frå Gudmund Bjotveit og Eirik Rauset. Willilam Landøy er ein flott spelartype og på topp er Thomas Dyrrdal ein kvalitetsspelar.

Sandane er neppe nøgde med å sleppe inn fire baklengsmål, og det er lite å lure på kva ein bør ha fokus på framover. Det er heldigvis fleire kampar å spele før seriestart, og med litt meir senka skuldrar trur vi Sandane vil få vist meir av sitt eige spel. 

Jølster var ei positiv overrasking, men eit venleg råd vil vi gje: Ein treningskamp er også eit høve til å handtere frustrasjonar når spelet og dommaravgjerder går imot. Jølster gjekk her på eit klart bortetap, og spesielt lite sympatisk er det når lagkapteinen leiar an i sarkastiske kommentarar til dommaren. 

Sandane - Jølster 3-4 (1-2)

Treningskamp

Dommar: Kjell Alme

Sandane: Simon Gimmestad (Arne Nybø Gangeskar frå 46. min)). Espen Reed Lothe (Tarjei Bjørkum Vereide frå 74. min), Kyrre Vereide Kroken, Kristian Møll, William Landøy, Eirik Rauset, Arne Morten Vilnes Øen, Petja Cink, Gudmund Bjotveit, Magnus Bolseth (Jonas S. Larsen frå 76. min), Thomas Dyrrdal.