Emil vart månadens Fair Play-spelar!
Forfatter: Svein Kristiansen
19. juni 2021
Det var ein verdig kandidat som laurdag vart utpeika som månadens Fair Play-spelar i STIL. G14-spelaren Emil Helgheim vart framheva for sine viktige bidrag til å skape godt miljø i laget sitt.
Det var i pausen under J19-laget sin NM-kamp at Fair Play-prisen vart utdelt.
-Fair Play og respekt er fotballens kjerneverdiar. Vi ønsker at alle som spelar fotball i STIL skal kjenne seg trygge, inkluderte og likeverdige, sa leiar i Fair Play-utvalet i klubben, Svein Kristiansen. Fair Play-prisen skal gå til spelarar som gjennom sine haldningar bidreg til eit inkluderande fellesskap, og som har eit spesielt blikk for laget sitt.
-Emil Helgheim har trass i skader våren 2021 bidrege aktivt til å skape miljø i laget sitt. Han har møtt på treningane, deltatt i dei deløvingane han kan vere med på og bidratt som assisterande trenar og ballgut, for å hjelpe til og for å få effektivitet i øktene. I tillegg har han tatt jobben med å vere dommar når det har vore spillsekvensar i øktene. På G14 blir to kull slått saman og Emil viser alltid respekt og er tydeleg inkluderande i møte med dei yngst spelarane som har kome saman med dei eldre, heitte det mellom anna i grunngjevinga for prisen.
I eit intervju med heimesida fortel Emil at han spelar back på G14-laget. Han har vore med i fotballen sidan han var knøttespelar. -Fotball er fint. Det er sosialt, fint å vere med venner og ha det kjekt saman. Det er blitt litt meir alvor i fotballen no, med tabellar og poeng, seier Emil.
Om Fair Play-prisen seier han at den var heilt uventa. Han tenker ikkje spesielt på kva han skal gjere for å få til eit godt lagmiljø. -Det er noko som skjer litt av seg sjølv.
Som eit synleg bevis på prisen fekk Emil overlevert ei spelartrøye spesialdesigna med Fair Play-logoar.
Vi gratulerer Emil Helgheim med Fair Play-prisen!