Enivest IFO
Øyvind Hervik held fram som trenar for STIL
Forfatter: Svein Kristiansen
23. november 2015
Fotball
Sandanetrenar Øyvind Hervik tar eit nytt år i førarsetet for STILs A-lag.
Øyvind Hervik leia Sandane til ein femteplass i fjerde divisjon i 2015. Laget var svært nære på å sikre seg ein tredjeplass i serien.
Det er godt nytt for STIL at Hervik no har forlenga kontrakten med Sandane. Med seg får han Espen Aagård og Torbjørn Gran som assistenttrenarar. -Det er tidkrevjande å vere fotballtrenar, og det var viktig for meg å få med to gode assistentar, seier Hervik til heimesida.