[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Målmaskina tilbake i blått

Forfatter: Svein Kristiansen

16. januar 2022

Fotball
News article image

Sandensaren og storscoraren Mads Wie har etter nokre år ute i naboklubbane igjen signert for Sandane.

Tekst og foto: Ingmar Sægrov.

Målmaskina viste i ung alder at han hadde nokre fantastiske avslutningsferdigheter, og det er ikkje overraskande at dei fleste klubbane i fylket har hatt eit ønske om ha Mads som angrepsspelar. Han har tidlegare spelt for Sandane, TMFK, Varegg, Stryn og Eid med fleire opphald i desse klubbane. På seniornivå har Mads heile 258 mål på 243 kampar. Ein imponerande statistikk.

Spisskvalitetane er absolutt noko som dei andre på laget kan dra lærdom av, og det blir god trening for både forsvarspelarar og målvakter når Mads er på treningsfeltet.

I det siste har han dessverre vore plaga med skader, men vi håper han får trent godt framover og at vi igjen får sjå kor målfarleg han er innanfor 16meteren. (Artikkelen held fram under bildet).

Custom image

Vi ønskjer Mads velkommen tilbake i blått.