Bli med på barnefotballkurs!
Forfatter: Svein Kristiansen
03. mars 2023
No har du sjansen, du som er trenar, eller som tenker på å bli det, eller du kanskje først og fremst er ein forelder som er opptatt av at barna skal oppleve trivsel og utvikling på idrettsarenaen: Saman med fotballkretsen arrangerer STIL fotball barnefotballkurs på Sandane 22. og 29. mars.
Eit hovudmål med kurset er å gje trenarar og foreldre god innføring i barnefotballens verdiar og gje gode verktøy for å tilrettelegge for rett tilpassa aktivitet for dei aller yngste. Fokus på samlingane er korleis vi kan skape best mogelege vilkår for trivsel og utvikling.
Kurset vil vere nyttig anten du no er knytt til fotball eller idrett meir generelt.
Kurset er ope for alle - anten du høyrer til i STIL eller ein andre klubbar.
Kurset går over to kurskveldar, 22. mars og 29. mars, frå kl 19.00-21.30.
Du er hjarteleg velkomen! Påmelding eller spørsmål? Kontakt [email protected] .
Påmeldingsfrist er 8. mars.