[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Vårt største fotballnamn

Forfatter: Svein Kristiansen

18. desember 2023

Fotball
News article image

100 år med STIL-fotball: og ingen overgår Steinar Holvik. Han dømde Champion League-kampar med dei europeiske topplaga, landskampar og cupar og EM-kampar. Steinar Holvik hadde ein av Noregs lengste og mest omfattande karrierer som assistentdommar.

Bildet: Den norske dommartrioen i aksjon under CL kamp mellom Chelsea og Real Betis (19,10.2005).

Steinar Holvik starta som divisjonsdommar på 1990-talet. Han debuterte som assistentdommar i 1. divisjon, og allereie året etter var han i aksjon under eliteseriekampen mellom Molde og Rosenborg. Han har vore assistentdommar under den norske cupfinalen for herrar (Odd Grenland – Viking 2000) og i 2006 assisterte han på linja då den norske dommartrioen han var ein del av dømde Champion League-finalen i Paris, mellom Barcelona og Arsenal.

I perioden 1998-2011 fekk Steinar Holvik over 100 internasjonale oppdrag. Dommartrioen han tilhøyrde (Terje Hauge var hovuddommar) hadde eit godt rykte og vart mykje brukt internasjonalt.

Les meir om Steinar i dette intervjuet på STIL si heimeside (2022).

Custom image

Bildet: CL-kamp Liverpool og Valencia, 2002