Klatreparken på Myklebustflata er stengt
Forfatter: Beate Dybendal Nordvik
06. juli 2021
Klatreparken er stengt grunna roteskader. Ber om at alle respekterer sperringa.
Klatreparken ved Sandane Idrettspark er stengt etter tilsyn
Tidlegare i sommar vart det oppdaga roteskader ved fleire klatreparkar i fylket. Sparebankstiftinga har derfor, i samarbeid med Vestland fylkeskommune, satt i gang ei tilsynsrunde på alle tilsvarande anlegg som dei har vore med og finansiert. Måndag var det tilsyn på klatreparkane ved Breim skule og Sandane Idrettspark. I klatreparken ved Sandane Idrettspark vart det funne store roteskader på stokkane, og parken vart stengt der og då. Den er no sperra av med sperreband. Gloppen kommune og Sandane Turn og Idrettslag ber alle respektere sperringa.