Enivest IFO
Omlegging i Idrettsrådet
Forfatter: Svein Kristiansen
06. april 2016
Forside
Årsmøtet i Gloppen Idrettsråd endrar styresamansetnaden i Idrettsrådet.
På årsmøtet tysdag kveld vart det vedteke at dei fem store fleiridrettslaga i Gloppen skal ha 1 representant kvar i Gloppen Idrettsråd. I tillegg skal det vere to representantar frå dei andre idrettslaga, slik at styret då vil bestå av leiar, nestleiar og fem styremedlemmer.