[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Rabattlotteriet 2021 er i gang!

Forfatter: Gro Pleym Iversen

19. juni 2021

Fotball
News article image

Ta vel imot loddseljarane! Alle som kjøper lodd deltek i trekning av flotte premiar. I tillegg får de tilgang til rabattar ved handel i fleire av våre gode samarbeidsverksemder.

Kvart lodd gjev rabatt på éin handel i kvar av dei seks butikkane som står på baksida av loddet, og nyttar ein rabattane vil loddet vere nedbetalt og vél så det. Eit døme på kva du kan "tene" på eitt rabattlodd til kr. 100,-

  • aagårdsko - sko 399 kr - 10% rabatt, dvs. 40 kr
  • heime - kopp 249 kr - 10% rabatt, dvs. 25 kr
  • Vest Optikk - solbriller 499 kr - 10% rabatt, dvs. 50 kr
  • Trebo-Hus - lampe 999 kr - 20% rabatt, dvs. 200 kr
  • Fargerike - beis 399 kr - 10% rabatt, dvs. 40 kr
  • Tystad Blomster - blomst 249 kr - 20% rabatt, dvs. 50 kr

Samla rabatt kr. 405,- minus prisen på loddet kr. 100,- dvs. ein "tener" kr. 305,-

Får du ikkje besøk av ein loddseljar, så er det òg mogleg å kjøpe lodd i butikkane som er med på ordninga.