[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane - Vik

Forfatter: Svein Kristiansen

30. september 2016

Fotball
News article image

Laurdag kl 13.00 har STIL gleda av å ta imot Vik til kamp i 4. divisjon.

Det er eit formsterkt sognelag som vitjar Idrettsparken. Etter ei litt svak innleiing på haustsesongen har vikjene slått til med tre sterke sigrar i dei siste serierundene: 3-0 (borte) mot Gaular, 3-2 over TMFK og 5-3 over Høyang.

Vik er plassert som nr 5 på tabellen og kjempar for å halde plassen i neste års 4. divisjon. Vi må såleis skuffe dei som eventuelt håpar at det skulle vere eit lag på sparebluss som kjem til Sandane.

Styrkeforholdet mellom dei to laga er klar fordel til Vik. I vårkampen vann Vik 4-2 over Sandane, i eit oppgjer som for Sandane sin del likna dei fleste andre kampar i år: laget kjem til sjansar som berre delvis vert omsett i mål. Som samanlikning kan det også nemnast at Vik vann 6-0 over det andre botnlaget, Fjøra 2/Sogndal 3, eit lag som Sandane tapte 1-2 for. 

Med andre ord vanskeleg å spå heimeseier, men STILs mannskap skal ha for ein ikkje sviktande lagmoral. Vi er såleis trygge på at  STIL kjem til å gje Vik kamp om poenga, og ønsker laget lukke til!

Frå forrige serierunde  er Jonas Denk og Torbjørn Gran no tilbake i troppa, medan Petja Cink (skade) og Jon Vegard Byrkjedal (tre gule) ikkje er tilgjengelege.