Convene går inn som støttespelar for STIL FOTBALL
Forfatter: Gro Pleym Iversen
30. juni 2022
Sandane Turn og Idrettslag, fotballgruppa og Convene (uttalast [konvi:n]) har i juni signert ein samarbeidsavtale der Convene går inn som sølvpartnar i STIL fotball.
Det er stas å ønske ein ny støttespelar velkomen på laget! For oss er det viktig at lokalsamfunnet støttar idretten, og at vi kan bidra med å skape gode synergiar saman med lokalsamfunnet og våre støttespelarar, fortel leiar i STIL fotball, Gro Pleym Iversen
Convene-konsernet, som har hovudkontor på Sandane, er ein leiande partnar innan sjølvbetjente administrasjons- og betalingsløysningar i Skandinavia. Ved å handtere alle typar betalingar, frå mobilbetaling, fakturering, oppfølging og finansiering, er teknologi kjernen i konsernet, der fokuset er å stadig utvikle nye og brukarvennlege løysningar som effektiviserer og gjer kvardagen enklare for både kundar og forbrukarar.
Vi er stolte av å få på plass eit samarbeid med STIL fotball og beundrar innsatsen dei legg ned. Convene har dei siste åra utvikla seg til å bli eit internasjonalt selskap, men vi er stolte av historia vår og opphavet vårt frå Sandane. Vi delar mange av verdiane til STIL fotball og idretten, og er opptatt av inkludering og at alle skal kunne lykkast, seier Ingvill Hestenes, administrerande direktør i Convene Group.
Avtalen med STIL fotball er inngått for dei neste tre åra, og dreiar seg om å vere tilstades, oppmuntre og skape engasjement, utover logoprofilering - på damelaget og J15 - og støtte. Convene vil ha fokus på skadebehandling- og førebygging, samt stimulere, utvikle og tiltrekke seg fleire jenter til teknologibransjen.
Gjennom samarbeidet med STIL fotball ønsker vi å utforske desse retningane vidare, og vi ser på STIL fotball som ein spennande samarbeidspartar. Dette er definitivt starten på ei spennande reise der vi kan bidra som 12`mann på laget, seier Edvin Øygard, business controller i Convene og trenar i fotballgruppa.
Om Convene
Convene er ein leiande partnar innan sjølvbetjente løysningar for betaling og administrasjon, og leverer sine løysningar til 14 land verden over- til alt frå helseføretak, bedrifter, treningssenter, bilutleige, hamnar og rederi. Les meir på www.convene.no/bedrift/
Bilde: Edvin Øygard, Convene og Gro Pleym Iversen, STIL FOTBALL
FOTO: Stig Høynes, haugenfotball.no